TØFF SESONG: Børre Øvstetun og arbeidsutvalet i Jotun ser tilbake på ein vanskeleg sesong der tidlegare spelarar måtte returnera på parketten for å hjelpa til i det som enda med nedrykk til 3. divisjon. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
TØFF SESONG: Børre Øvstetun og arbeidsutvalet i Jotun ser tilbake på ein vanskeleg sesong der tidlegare spelarar måtte returnera på parketten for å hjelpa til i det som enda med nedrykk til 3. divisjon. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.

Øvstetun: – Det var ein læreprosess

Børre Øvstetun og arbeidsutvalet i Jotun handball ser tilbake på ein turbulent sesong.

Årdal: Drøye tre og ein halv månad etter Jotun spelte sin siste kamp for sesongen og rykte ned i 3. divisjon har klubben brukt god tid på å vurdera kvifor det gjekk som det gjekk.

Målet om ei topplassering i 2. divisjon vart raskt omgjort til ein kamp om å overleva. Den eine utanomsportslege hendinga fulgte den andre, heilt til det kulminerte med at Jotun ikkje vart tildelt to livsviktige poeng då Kjøkkelvik vann fram med ankesaka si.

– Det er klart at sesongen stod ikkje til forventningane. Som alle veit var det ei turbulent sak med spelarar som trekte seg og ikkje minst tilgangen på nye spelarar – i hermeteikn «flausa» å forsøka å henta spelarar utanfor EU. Me lærte fort at det ikkje var mogleg, seier Øvstetun, som uttalar seg på vegne av arbeidsutvalet.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅTTE REISA: Sladjana Perazic og Marija Mudronja fekk ikkje arbeids- og opphaldsløyve i Noreg og måtte forlate landet utan å ha spelt eit minutt for Jotun. Arkiv
MÅTTE REISA: Sladjana Perazic og Marija Mudronja fekk ikkje arbeids- og opphaldsløyve i Noreg og måtte forlate landet utan å ha spelt eit minutt for Jotun. Arkiv

Les også: Fyllingen tapte – Jotun rykker ned

«Flausa» han siktar til var dei to montenegrinske spelarane Marija Mudronja og Sladjana Perazic, som sat på vent i fleire månader før det vart klart at dei måtte forlata landet fordi dei ikkje fekk arbeids- opphaldsløyve.

Les også: Dei må reise frå Noreg måndag

Misnøye

Den turbulente saka han siktar til var då dei tre profilerte spelarane Marianne Stedje Øren, Katalin Zamolyi og Ramona Szabo slutta på grunn av misnøye med trenar Olafur Sveinsson. Dette var i januar. 

– Me måtte gjera det beste ut av det og bita det i oss, og då gjekk lufta ut av ballongen. Det vart misnøye og sterke personlegdomar krasja ihop. Det var ikkje bra samstundes som det var uhandterleg for styret fordi me visste lite om kva som skjedde ved at enkelte gjekk til media før oss. Det er ikkje heldig, men dette er eit tilbakelagt stadium no, seier Øvstetun. 

Les også: Nøkkelspelarar sluttar i protest

– Olli (Sveinsson journ. anm.) er Olli, og dei er ein eigen rase desse trenarane. Det me har evaluert er at han stod litt åleine i den bitre striden. 

Dei tre spelarane, som statistikken fortel var viktige spelarar, slutta i januar, same månad som den neste saka dukka opp då Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp på grunn av uvêr. Jotun skulle tildelast to ekstremt viktige poeng som lenge såg ut til å redda plassen. Etter at bergenslaget anka gjennom tre instansar sa til slutt Appellkomiteen at kampen skulle spelast på nytt.

Reetablering

Då var tapsrekka til Jotun for lengst i gang. Frå 9. november til sesongslutt vann ikkje grøntrøyene ein einaste kamp, inkludert oppgjeret mot Kjøkkelvik. Det enda med nedrykk til 3. divisjon, men det er ikkje krisestemning. Øvstetun seier dei lærte mykje av sesongen.

Les også: No er svaret frå Appellkomiteen klart

– Det me har jobba med dei siste månadane er å reetablera heile greia. Me var eit arbeidsutval på fem personar. No er me fire etter at Torstein Kvam slutta, men han er med som rådgjevar viss me spør han. 

Artikkelen held fram under biletet.

GAV SEG: Mangeårig ringrev i Jotun, Torstein Kvam, gav seg som sportsleg leiar etter førre sesong. Arkiv
GAV SEG: Mangeårig ringrev i Jotun, Torstein Kvam, gav seg som sportsleg leiar etter førre sesong. Arkiv

– Me andre valte å ta eit år til på grunn av kjærleik til klubben, at det skal vera noko her. Elles kan det fort rotna hen. Eg har personleg ikkje eit spesielt forhold til handball, men eg har det til klubben, fortel han og legg til at det har vore ein læreprosess.

– Ikkje tenkt med å seia opp trenaren

Utvalet veit godt kor skoen trykker, og ilag med vurderingane kjem også konkrete grep og planar for framtida. Blant anna gjekk dei for å behalde Sveinsson trass misnøyen.

– Det er fordi tilbakemeldingane frå det store og heile fleirtalet i den stallen var det var nøgde med han, treningane, variasjonen på treningane og det sportslege opplegget. Han er ein knallgod trenar, sa også dei som slutta, men så var et nokre personlege ting dei ikkje var nøgde med, medan dei yngre var nøgde. 

– Samstundes var han under kontrakt, og det var aldri aktuelt å seia den opp. Me såg ikkje poenget i det. Då måtte me ha ein ny trenar og bruka x tal kroner. Det vurderte me og fann ut at me ikkje var tent med det.

Rekruttering

Det som kanskje blir den viktigaste oppgåva til islendingen no er rekruttering til framtida.

Artikkelen held fram under biletet.

MEIR ANSVAR: Det kviler sannsynlegvis meir ansvar på skuldrane til desse, som sat mykje på benken førre sesong, i den komande sesongen. Arkiv
MEIR ANSVAR: Det kviler sannsynlegvis meir ansvar på skuldrane til desse, som sat mykje på benken førre sesong, i den komande sesongen. Arkiv

– Alt handlar i det store og heile om økonomi og tilgangen til å gjera noko sprekt. Det me ser og som me har teke omsyn til no i framtida, er at det er gjort for dårleg rekrutteringsarbeid. Det har vore fokus på 2. divisjonslaget, og så har ein henta spelarar, men det har vore dårleg eigenrekruttering, fortel Øvstetun.

– Det kjem opp fem 97-modellar som er med framleis. Dei har vore under Olli sitt treningsregime, har trent godt og er veldig nøgde. Det er klart at det er ein overgang, men dei har takla den. Og så veit eg at det er snakk om speletid, men det er alltid ei vurdering, og eit sporstleg utval kan ikkje gå inn og bestemma laguttaket.

Til toppen