HELD FRAM: Bjørn Øvstetun vart gjenvalt som leiar for Årdal Kjemiske Fagforening då foreninga hadde årsmøte. Fotomontasje: Truls Grane Sylvarnes.
HELD FRAM: Bjørn Øvstetun vart gjenvalt som leiar for Årdal Kjemiske Fagforening då foreninga hadde årsmøte. Fotomontasje: Truls Grane Sylvarnes.

Øvstetun held fram som leiar for ÅKF

Bjørn Øvstetun vart gjenvalt som leiar for Årdal Kjemiske Fagforening.

Årdal: Det blei klart på årsmøtet til fagforeninga før helga. Kolbjørn Kastet losa dei rundt 40 frammøtte gjennom dei vanlege årsmøtesakene.

Årsmeldinga og rekneskapen vart einstemmig godkjent, og innmeldte bevilgningssøknader vart gjennomgått. Årsmøtet kom fram til ei ramme på 80 000 kroner fordelt på ulike lag og organisasjonar.

Dessutan vedtok årsmøtet å vidareføre deltaking i eit prosjekt for ungdomar i Brasil saman med dei andre IE-foreningane i Hydro, Industri Energi og Hydro. I tillegg vedtok årsmøtet å vera med på eit spleiselag med LO Årdal for å få lyssett rallarmonumentet.

Bjørn Øvstetun held fram som leiar. Liv Einan vart valt som ny sekretær, medan dei nye i styret var Ørjan Loftheim frå PMT. Håvard Haugen er ny ungdomskontakt. 

Til toppen