NYTT PROSJEKT: Geir Kjetil Øvstetun skal vera Sogn og Fjordane sin representant for eit nasjonalt prosjekt som skal endra skulestrukturen i Noreg. Foto: Arkiv. 
NYTT PROSJEKT: Geir Kjetil Øvstetun skal vera Sogn og Fjordane sin representant for eit nasjonalt prosjekt som skal endra skulestrukturen i Noreg. Foto: Arkiv. 

Øvstetun i spissen for nasjonalt skuleprosjekt 

– Jo meir eg jobbar med prosjektet, desto meir spennande blir det, seier Geir Kjetil Øvstetun, noverande rektor ved Årdal vidaregåande skule. 

Årdal: Til hausten trer Geir Kjetil Øvstetun inn i rolla som leiar for Visma Flyt Skole (VFS) i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Prosjektet skal gå over to år og Øvstetun har fått permisjon frå Årdal vgs til å leia prosjektet. 

Les også: Opheim (MDG) har søkt rektorvikariat på Årdal VGS

Ny skulestruktur

Øvstetun har allereie byrja på det nye prosjektet så smått, men går for fullt inn i den nye stillinga frå 1. august. 

– Prosjektet skal gjelde alle dei vidaregåande skulane i landet og grunnskulane i Oslo, seier Øvstetun. 

Det skal utviklast eit nytt skuleadministrativt system. Dette skal gå over to år. Prosjektet skal ikkje gå på innhaldet i skulen, men meir på strukturen. Til dømes personalplanlegging, timeplan, fråver, vikarar og vitnemål. 

– Eg skal vere litt i Leikanger og ha «heimekontor», i tillegg til at det vert eit del reising, seier Øvstetun. 

Omrokkering på Årdal vgs

– Jo meir eg jobbar med prosjektet, desto meir spennande vert det, seier Øvstetun. 

Rektoren ser fram til å jobba med den å utvikle ein ny skulestruktur. 

– Eg gleda meg til å gjere noko anna for ein periode. Det er bra for Årdal vgs at andre får prøva seg og at det blir litt omrokkering i systemet, seier han. 

Øvstetun skal tilbake i rektorstillinga om to år. 

– I min alder er to år kort tid, seier han. 

Til toppen