HATTRICK: Terje Kvam Øvstetun tok sitt andre hattrick for sesongen, då Årdal møtte Sander IL laurdag.
HATTRICK: Terje Kvam Øvstetun tok sitt andre hattrick for sesongen, då Årdal møtte Sander IL laurdag.

Øvstetun med nok eit hattrick då Årdal vann med tosifra tal

Årdal - Sander 10-0

Det vart ein målrik kamp for Årdal FK då dei møtte Sander IL laurdag ettermiddag. Heimelaget tok leiinga allereie etter fem minutt, då spelar nummer 9, Terje Kvam Øsvtetun scora. Etter 18 minutt scora Truls Hovland sitt tredje mål for sesongen.

Nokre minuttar seinare gjekk ballen nok ein gong i mål, då Øvstetun laga sitt andre mål i kampen. Heimelaget viste god kontroll gjennom fyrste omgang. Christian Stedje sette ballen i mål etter 26 minutt, og heimelaget kunne gå til pause med stillinga 4-0. 

Artikkelen held fram under biletet.

PAUSEUNDERHALDNING: Årdalsrussen 2016 stod for pauseunderhaldninga medan dei to laga var i garderoben.
PAUSEUNDERHALDNING: Årdalsrussen 2016 stod for pauseunderhaldninga medan dei to laga var i garderoben.

Ikkje nok med eitt

Stedje var forstatt lysten på mål då han kom inn på bana etter pause. 50 minutt ut i kampen fekk Årdal frispark, og Stedje la ballen rett i mål frå langdistanse. Etter vel ein time kom den andre hattricken til Øvstetun for sesongen, då stod stillinga 6-0.

Både Kjetil Karlsen og Eirik Rode var tilbake denne kampen, etter ein periode med skadeproblem.

Dei siste 40 minutta kom det enda fleire mål, der Truls Hovland scora sitt andre mål i kampen. Ei lita stund etter,  fekk årdølene straffe, og Preben Strypet satt ballen rett i høgre hjørne. Strypet gav seg ikkje etter det første målet, han scora igjen kort tid etter.

Det vart ein sjansefattig kamp for bortelaget, som kjempa hardt for å halde ballen på motsett side.

Like før slutt sette Christian Stedje sitt tredje mål i kampen. Både Stedje og Øvstetun kunne forlate bana med hattrick då sluttsignalet gjekk av. 

Ikkje berre flaks

GLEDE: Spelarane synte stor glede etter scoringane sine.
GLEDE: Spelarane synte stor glede etter scoringane sine.

Øvstetun tok også hattrick då Årdal møtte Kongsvinger for to veker sidan. Spelaren seier til Porten.no at det er ekstra moro å score hattrick på heimebane.

– Det er fint å vite at ein kan score mål, og at det ikkje berre var flaks for to veker sidan. Så er det jo ganske moro når det skjer på heimebane!

– I første omgang tek me grep med ein gong, og scorar etter fem minutt. Så ledar me 4-0 etter 26 minutt. Så dett nivået litt, og me sluttar å springe. Eg følte at me klarte oss bra i andre omgang, når me scorar 6 mål. Me gav alt! 

Les også: – Like spennande kvar helg

 

 

 

 

Til toppen