Øvstetun ny lensmann i Lærdal

Øvstetun ny lensmann i Lærdal

Helge Øvstetun blir ny lensmann i Lærdal.

Fredag før helga vart det klart at Helge Øvstetun (56) er tilsett som ny lensmann i Lærdal kommune. Per Tomas Klingenberg har hatt rolla som fungerande lensmann fram til no.

Øvstetun har vore tilsett ved Årdal lensmannskontor sidan 1983 og politiførstebetjent sidan 1991.

No går årdølen over i eit vikariat i stillinga som lensmann ved Lærdal lensmannskontor fram til 01.01.2017.

Til toppen