DEBUTERTE: Edin Øy spelte sin første kamp i 1. divisjon då han kom inn for Sogndal mot Bærum. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
DEBUTERTE: Edin Øy spelte sin første kamp i 1. divisjon då han kom inn for Sogndal mot Bærum. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Øy debuterte – Furebotn putta

Henrik Furebotn scora i debuten sin for Bodø/Glimt, men dagen enda lykkelegast for Edin Øy og Sogndal.

Måndag rulla norsk fotball igjen etter drøye fire månader med vinterpause. Årdal var representert på to av Noregs høgaste nivå denne ettermiddagen med Henrik Furebotn i Bodø/Glimt og Eliteserien og Edin Øy i Sogndal og 1. divisjon.

Begge debuterte for sine respektive klubbar. Eldstemann av dei to, Furebotn, scora også då han starta for laget frå Nord-Noreg.

– Debuten kunne blitt skikkeleg bra, men det enda ikkje så bra til slutt. Me slepp inn nokre tullemål slik me har gjort heile oppkøyringa også, seier Furebotn til Porten.no og legg til at han er passe nøgd med sin første kamp i heilgult.

Scora på frispark

I bortekampen mot nyopprykka Sandefjord var det vertane som tok leiinga i det 6. minutt, men rett før pause fekk Glimt frispark. Frå spiss vinkel sendte Furebotn frisparket rett i mål. 

– Det hjelper ikkje så mykje, men det er greitt å få seg ein pinne. Det var eit frispark frå like utanfor 16-meteren langt nede på bana. Me har eit trekk me skulle prøva på, men eg såg at dei var obs og at keeperen gjorde seg klar for å gå ut å plukka, så då tenkte eg at eg får no prøva, seier han.

LES OGSÅ: Straffebonansa då Årdal rauk ut av NM

Scoringen hjelpte diverre lite. Like før timen var spelt gav Jean Alassane Mendy vertane 2-1 før same mann fastsette sluttresultatet til 3-1 seks minuttar seinare.

– Me hadde sikta oss inn på tre poeng, men det er aldri lett å møta nyopprykka lag i første kamp heime. Dei har stor entusiasme og vil visa seg fram. Eg såg Mjøndalen slo Viking også. Det er vanskelegare å møta eit nyopprykka lag i dei første kampane enn eit etablert lag, men no er me så heldige å ha Molde og Odd i dei to neste, så me kan ikkje akkurat bruka det som unnskyldning heller, smiler han.

Fekk ni minuttar

3-1 var også resultatet for Øy og Sogndals del, men dagen enda betre for ungguten som kom frå Årdal FK før årets sesong.

17-åringen fekk ni minuttar pluss tilleggstid då han kom inn i det 81. minuttet for Sogndal. På det tidspunktet leia Sogndal allereie 3-0 mot Bærum på Fosshaugane etter scoringar frå Robin Shroot, Ulrik Flo og Christophe Psyché.

To minuttar etter at Øy entra bana reduserte Matias Pedersen til 1-3, men gjestane truga aldri Sogndal.

Til toppen