Øy debuterte med flagget på brystet

Øy debuterte med flagget på brystet

For berre nokre månadar låg alt an til at Edin Øy skulle spela i 3. divisjon. Måndag debuterte han med flagget på brystet.

Oppturen for 17-åringen vil inga ende ta etter at han debuterte med flagget på brystet måndag.

Øy kom inn i det 69. minuttet mot Russland og bidrog til å dra i land ein sterk 1-0-siger mot det som blir omtalt som eit av Europas beste lag i denne årsklassen.

– Eg fekk for så vidt meir speletid enn eg hadde venta. Eg tenkte til pause at det blir maks ti minuttar, men så vart det ein 17-18 minuttar. Det er eg nøgd med.

– Det var kjekt å debutere på landslaget. Ein føler at det går litt bra då, men det var viktig at me vann. Russland er eit av Europas beste lag, og det var eit godt lag me møtte, seier han til Porten.no og legg til at han har fått signal om at han startar mot Tsjekkia tysdag.

– Han gjorde eit godt inntrykk

Dei signala stadfestar landslagstrenar Eirik Horneland til Porten.no. 

– Han hadde eit veldig fint innhopp, kom godt i gang med lette og fine føtter. Han gjorde eit godt inntrykk. Edin kjem til å få masse speltid og startar i morgon. Det blir spennande å sjå han i full kamp, seier Horneland.

Øy kom inn på venstrekanten mot Russland, men blir flytta sentralt inn i bana mot Tsjekkia. Horneland seier 17-åringen dreg fordelar av å vera så fleksibel.

– Han er bra i begge posisjonar, så vil tida visa kor han blir best, men dette gjer at han vil få fleire moglegheiter.

Ikkje skremt av nivået

Før sesongen såg det eigentleg ut til at ungguten skulle ta ein ny sesong i Årdal og 3. divisjon, men sidan sesongstart har Øy debutert for Sogndal i 1. divisjon og no med flagget på brystet saman med dei beste i landet.

– Eg er vand med nivået i Sogndal og 1. divisjon, så eg blir ikkje skremt av nivået, men det er gode individualistar, fortel han og seier han kjem godt overens med lagkameratane.

– Det faktisk veldig morosamt. Eg kjem godt overens med heile troppen. Me har fulle dagar der me får tid til andre ting. Dei legg vekt på at me skal ha det gøy. Eg trivst veldig godt hittil. 

Tips frå Bakke

Årdølen var ein av sju landslagsdebutantar i denne kampen. Øy kom inn fordi andre meldte forfall, og det er takka vere Sogndal-trenarane Eirik Bakke og Terje Skjeldestad at han fekk telefonen onsdag førre veka.

– Eg besøkte Sogndal i februar. Då såg eg han og synest han var bra. Eirik (Bakke) og Terje (Skjeldestad) snakka varmt om han, så då tenkte eg på han då det kom forfall, seier Horneland.

Gøy og uventa

Denne veka deltar Noreg i Slovakia Cup, der dei skal møte nemnde Russland, Tsjekkia og Dei foreinte arabiste emiratar. 

– Det var sjølvsagt gøy og uventa at eg blei teken ut. Eg visste ikkje at det var eit uttak ein gong, seier Øy.

– Dette legg ikkje akkurat nokon dempar på ambisjonane. Eg føler eg har potensial, så eg må berre jobba hardt for å bli så god som mogleg. Det må vera ein grunn til at eg er her, tenker eg. 

Til toppen