UTVIST, MEN BLIR MED: Årdal-trenar Ivan Øy er suspendert etter at han vart vist til tribuna i kampen mot Florø 2. Likevel blir han med til Vågsøy for å sjå oppgjeret mot Skavøypoll frå tribuna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTVIST, MEN BLIR MED: Årdal-trenar Ivan Øy er suspendert etter at han vart vist til tribuna i kampen mot Florø 2. Likevel blir han med til Vågsøy for å sjå oppgjeret mot Skavøypoll frå tribuna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Øy er suspendert etter utvisninga, men blir med til Vågsøy

– Det blir teamtalk i bussen, smiler han.

Årdal: Ivan Øy og Årdal Fotballklubb har bestemt seg for ikkje å anka suspensjonen til trenaren etter at han blei vist ut i førre kamp mot Florø 2. 

– Me ser ikkje noko poeng i å anka. Det er bortkasta pengar. NFF kjenner til vår versjon av saka, seier Øy til Porten.no.

Men trenaren er ikkje nekta adgang på stadion. Difor blir han med til Vågsøy og Skavøypoll stadion når Skavøypoll er motstandar laurdag. 

«Parodi»

Som Porten.no skreiv sist helg, vart Øy vist ut midtvegs ut i 2. omgang i kampen mot Florø 2. Årdal hadde nett blitt snytt for eit straffespark, og i løpet av dei neste minutta måtte hovuddommar byte plass med assistenten på grunn av sjukdom. 

Det var då Øy kalla det heile for ein «parodi». I tillegg kom det andre meldingar frå både benk og publikum. 

– Assistentdommaren oppfatta det som at eg sa alt dette og meinte det var såpass respektlaust at eg måtte visast ut. Etter kampen snakka me saman, og dommarane skjønte at det ikkje var eg som hadde sagt alt, forklarar Øy.

Skavøypoll tapte 0-9 mot Sogndal 2

Med Øy på sidelinja sikra Årdal sin første siger for sesongen i den kampen. No ventar eit Skavøypoll-lag som gjorde det skarpt førre sesong og var berre eitt poeng unna topplassering. Etter tre kampar så langt denne sesongen ligg dei sist med null poeng. Det inkluderer ei rundjuling på 0-9 mot Sogndal 2 i førre runde.

– I utgangspunktet skal dei vere eit av dei betre laga, men fekk seg ein kjempesmell mot Sogndal. Dei stilte ganske redusert fordi dei i utgangspunktet hadde prøvd å flytte kampen. Dei er som oss med at dei disponerer ulike mannskap til ulike tider av sesongen. Men me skal ikkje kimse av det resultatet, og me forventar ein tøff kamp.

Årdal ligg på ein 7. plass etter tre rundar med fem poeng opp til serieleiarane Vik og Stryn, som begge har full pott så langt.

Midtstoppar Andreas Natvik, som har hatt ein glitrande start på sesongen for Årdal, måtte ut med hovudskade i Florø-kampen, men Øy melder at han er klar til kamp. 

Til toppen