Øy godt nøgd trass tap for Årdal FK

Øy godt nøgd trass tap for Årdal FK

Laurdag møtte Årdal Fk Herd på bortebane, og Årdølene gjekk på eit lite overraskande tap.

 Trass i dagens tap for serietoar Herd, var trenar Ivan Øy nøgd med laget sine spelemessige prestasjonar.

– Herd ledar store delar av kampen, men skapar lite, noko som viser at me forsvarar oss godt, fortel trenaren til porten.no

Årdal FK måtte mellom anna klare seg utan dei sentrale spelarane Christian Stedje, Marcin Brzykcy, Robin Moheim, Terje Kvam Øvstetun, Preben Gilleshammer, Johnny Aspeseter og Truls Hovland i kampen mot Herd.

Herd tok styringa
Det var eit godt Herd-lag Årdølene møtte på bortebane idag. Vertane styrte mesteparten av kampen, men klarde ikkje skapa mykje. Etter 13 min ut i første omgang scorar Herd, sjølv om Årdølene forsvarar seg godt.

– Scoringa som kom mot oss allereie etter 13 minuttar er kjedeleg, i alle fall når forsvaret til Årdal FK spelte ein av sine betre kampar.

Like før slutten av fystste omgang vart Kjetil Karlsen tatt ut på grunn av skade, og då spelarane gjekk av bana til pause var stillinga 1 - 0 i favør av Herd. Andre omgang var også prega av at vertane styrde spelet, og heimelaget var også dei med flest sjangsar.

Nådde aldri heilt opp
Etter 68 minutt sette Årdølene inn eit solid angrep mot Herd. Dei raudkledde kom nesten gjennom, men vart blåst av for offside til stor fortviling for bortebenken.

Like etter kom kampens største sjanse. Eirik Rode fyrte av eit flott frispark inn mot feltet der Hayder Mulugeta hadde gode sjansar for å nikke ballen inn i mål, men vart for kort til å få panna på ballen.

Årdølene nektta likevel å gi heilt opp, og jakta lenge på ei utlikning. Årdølene sendte difor mange spelarar fram i angrep, men Herd kontra og auka leiinga til 2-0.

Øy fortel til Porten.no at han er godt nøg med innsatsen til karane frå Årdal, sjølv om det enda med tap mot Herd.

– Me var klar over at me møtte eit godt lag, og me forsvara oss dirfor så godt me kunne, og viste hederleg innsats heile vegen.

Til toppen