TIL FØRDE: Edin Øy frå Årdal skal spele fotball for Førde komande sesong. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.
TIL FØRDE: Edin Øy frå Årdal skal spele fotball for Førde komande sesong. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.

Øy på lån til Førde

Edin Øy skal tilbringe vårsesongen på lån i Førde.

Årdal: Det melder Førde på si Facebook-side. Det er snakk om ein låneavtale ut juni. 18-åringen frå Årdal gjekk til Sogndal i januar i fjor. 

I løpet av sesongen fekk Øy fire kampar i 1. divisjon, alle som innbyttar. I 3. divisjon blei det meir speletid på det unge talentet.

No blir det eit nytt nivå for årdølen. Førde spelar i 2. divisjon og møter Fana i sesongens første kamp 9. april. 

Til toppen