TØFF AVSLUTNING: Årdal har ei tøff sesongavslutning føre seg, og Ivan Øy trur dei må ta fem-seks poeng av 15 moglege dersom dei skal sikra plassen i 3. divisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TØFF AVSLUTNING: Årdal har ei tøff sesongavslutning føre seg, og Ivan Øy trur dei må ta fem-seks poeng av 15 moglege dersom dei skal sikra plassen i 3. divisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Øy trur Årdal må ta fem-seks poeng til

Sju kampar utan tap set Årdal i ein langt betre posisjon i nedrykksstriden enn i fjor.

Årdal: Med fem kampar att å spela trur trenar Ivan Øy at laget hans må ta fem-seks poeng til for å vera sikra ein plass i 3. divisjon også neste sesong. Det betyr i så fall at dei må opp på 31 eller 32 poeng.

– Eg trur den magiske grensa ligg rundt der. Det er eit høgare nivå i år enn i fjor, og du må nok bikka 30-talet skal du halde plassen, seier han.

At nivået er høgare er det ingen tvil om. Ved sesongslutt i fjor hadde Årdal tatt 27 poeng. Med fem kampar att av denne sesongen har dei allereie 26. 

Tøff avslutning

Det er fire poeng meir enn Florø 2, som etter alt å dømma blir laget å sjå opp for i nedrykksstriden. Årdal skal også møta Florø 2 i tredje siste runde, og gitt at begge lag tek like mange poeng fram til då, så vil ein siger til årdølene her sikra plassen.

– Det er den evige diskusjonen med andrelag. Der kan du møta kven som helst. Ein kan møta lag med eit veldig høgt nivå og i neste augneblink er det juniorar. Er dette toarlag som vil halde seg, kan dei mobilsere, seier Øy.

Årdal skal også møte Hødd 2 i siste serierunde, men forhåpentlegvis er ting avgjort før den tid. I helga ventar Skarbøvik, som ligg nest sist på tabellen. Deretter ventar topplaget Herd, også den kampen vert spelt på Jotun stadion.

– Det blir ein tøff sesongavslutning fordi me møter lag i same situasjon som oss og skal møta topplag som har vore i toppen heile sesongen, men slik eg ser det, har me heva oss me også.

– Strypet er viktig

Det har dei så definitivt. Tre sigrar og fire uavgjort på dei sju siste kampane er absolutt godkjent, sjølv om trenaren føler dei har vore litt uheldige i eit par av kampane som har enda uavgjort.

Kva som er forskjellen på haustsesongen og vårsesongen forklarar han med meir stabilitet i spelarstallen og meir kvalitet på treningane. 

– Me har fått på plass Preben Strypet, som har vore viktig og er ein slags mentor på kor standarden skal liggja. Han set store krav til dei rundt seg. Samstundes har me fått inn to engelskmenn som skapar trykk på treningane og er kjekke å ha her. Dei gir oss også meir breidde og fleire føter å stå på.

Påverkande resultat

Ein annan Øy trekk fram er Truls Hovland, som har netta fem mål på dei sju kampane utan tap. 

No håpar dei å halde fram den gode rekka mot Skarbøvik laurdag, og kanskje kan resultat andre stader gjera jobben enklare. Vinn til dømes Brattvåg fredag kveld, vil opprykket til 2. divisjon vera sikra for deira del.

– Me veit med Møre-lag at det alltid er spennande å sjå kva dei kjem med av lag. Vinn Brattvåg, er dei sikra, og kanskje det fører til at dei slepp seg nedpå mot oss. Me må iallfall bretta opp ermene og ta dei.

Til toppen