Øy utteken på landslaget

Øy utteken på landslaget

Onsdag fekk Edin Øy beskjeden om at han er utteken på G18-landslaget.

17-åringen frå Årdal er teken ut på det norske G18-landslaget. Det skriv Sogn Avis onsdag ettermiddag. Oppturen held dermed fram for Øy, som debuterte i 1. divisjon 2. påskedag for Sogndal.

– Det er veldig kjekt å få denne sjansen, og eg gler meg veldig. Eg har alltid hatt som mål å koma på aldersfastlagde landslag, men at eg skulle få prøva meg no kom overraskande på, seier han til Sogn Avis. 

Komande laurdag reiser ungguten til Slovakia saman med resten av troppen. Der skal dei delta i Slovakia Cup mot Russland, Tsjekkia og Dei foreinte arabiske emiratar samt ein plasseringskamp.

 

Til toppen