UTVIST: Årdal trenar Ivan Øy måtte sjå den siste halvtimen av kampen i frå sidelinja. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTVIST: Årdal trenar Ivan Øy måtte sjå den siste halvtimen av kampen i frå sidelinja. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Øy vart utvist då Årdal tok årets første siger

Trenar Ivan Øy måtte sjå den siste halvtimen frå tribuna då Årdal slo Florø 2

Årdal - Florø 2 4 -1

Årdal: Årdal fekk årets tre første poeng i dagens kamp, men det var utvisninga av trenar Ivan Øy som stjal fokuset.

- Det var ein straffesituasjon, der Joachim Furset blir felt på. Frå midt ståstad er det soleklar. Han vipper ballen forbi, keeperen går i løpsbana hans og fell han, forklarar Øy om situasjonen som fekk han utvist. I tillegg fekk Furset gult kort for filming.

GULT: Furset får gult for filming etter straffe.
GULT: Furset får gult for filming etter straffe.

Før denne situasjon bytta hovuddommar og ein av linjedommarane posisjon. - Eg sa noko som kva er det slags dommar vi har fått innpå, det har begynt å bli ein parodi dette her no, dette i forbindelse med at dei måtte bytte dommar. Meir enn det var det ikkje, forklarar Øy.

Med kampen er Øy fornøgd. - Vi spela godt dei 25 første minutt. Vi har mykje ball og skapar sjansar. Etter det begynn vi å rota det litt til og gjer det vanskelegare enn det er behov for. Andre omgang tar vi tak igjen og får det til.

Andreas Natvik blei bytta ut etter at han fekk seg ein smell i hovudet, men det ser ut til å ikkje vere noko kritisk. - Andreas er eit viktig tilskudd. Han går der ballen landa og ofra seg sjølv kanskje litt får mykje av og til. Han fekk seg ein smell i hovudet, og vi tar ikkje noko sjansar, forklarar Øy.

SMELL: Andreas Natvik ligg nede med hovudskade og blei bytta ut.
SMELL: Andreas Natvik ligg nede med hovudskade og blei bytta ut.
Til toppen