REKTORSTILLING: Ole Jørgen Øygarden (49) har fått tilbod om rektorstillinga ved Sogndal vidaregåande skule. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
REKTORSTILLING: Ole Jørgen Øygarden (49) har fått tilbod om rektorstillinga ved Sogndal vidaregåande skule. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Øygarden har fått tilbod om rektorstillinga

Ole Jørgen Øygarden (49), oppvaksen på Årdalstangen, har fått tilbod om stillinga som rektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Sogndal: Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding tysdag. 49 år gamle Øygarden er oppvaksen på Årdalstangen og busett på Vangsnes.

Han har til saman tjue års undervisningserfaring frå USA, Årdal og Vik. Dei siste sju åra har han vore rektor ved Flatbygdi skule i Vik. Øygarden fullførte den nasjonale skuleleiarutdanninga hausten 2012 og har solid leiarkompetanse.

Øygarden har åtte dagar på å svare på tilbodet frå fylkesrådmannen. Ny rektor tek til i stillinga 1. august 2017, etter noverande rektor Marta Sofie Vange, som då går av med pensjon.

Det var sju søkjarar til rektorstillinga.

Til toppen