VENTAR I SPANING: Elevar og lærarar ved Farnes skule lyttar til skulemusikkorpset, før snorklyppinga. Fremst, dei to fyrsteklassingane som hjelpte til med snorklyppinga, og rektor Per Kristian Pedersen. Foto: Hans Jørgen Røneid, Årdal kommune
VENTAR I SPANING: Elevar og lærarar ved Farnes skule lyttar til skulemusikkorpset, før snorklyppinga. Fremst, dei to fyrsteklassingane som hjelpte til med snorklyppinga, og rektor Per Kristian Pedersen. Foto: Hans Jørgen Røneid, Årdal kommune (Bilde: Hans Jørgen Røneid, Årdal kommune)

På 1-2-3 har årdølene fått seg ny aktivitetspark

Ikkje før idéen om klatrepark i bygda var lansert, var arbeidsfolk i gang med utbygginga

Årdal: 

Onsdag klokka 11.00 vart Årdal Aktivitetspark offisiellt opna på den gamle paviljongtomta i Øvre Årdal, mellom kunstgrasbana og bygget til ungdomssteget åt Farnes skule. 

OPNING MED GLANS: Ordførar Arild Ingar Lægreid har akkurat klypt snora i samarbeid med fyrsteklassingane, og parken er formelt opna.
OPNING MED GLANS: Ordførar Arild Ingar Lægreid har akkurat klypt snora i samarbeid med fyrsteklassingane, og parken er formelt opna. Foto: Hans Jørgen Røneid, Årdal kommune

Mindre enn eitt år etter at ideen om å skipa til aktivitetspark i bygda vart boren til torgs, kunne ordføraren, i samarbeid med to fyrsteklassingar, klyppa snora og erklære parken for opna. Skulemusikken stod for pomp, prakt og stas, då dei framførte tre flotte stykke som dei hadde øvd inn.

Attåt born, ungdom og lærarar frå Farnes skule, var formannskapet til stades, og andre aktørar som har spela ei rolle i å få aktivitetsparken på plass, som Sparebankstiftinga åt Sparebanken Sogn og Fjordane, og Arkitektkontoret 4b.

Borna leika i aktivitetsparken etter snorklyppinga, men ikkje for fyrste gongen. Både ivrige born, unge og godt vaksne testa ut klatrestativa so snart dei vart ferdigbygde.

KLATREGLEDE: Ein kar har teke seg til topps i det høgaste av alle klatrestativa. 
KLATREGLEDE: Ein kar har teke seg til topps i det høgaste av alle klatrestativa.  Foto:  Hans Jørgen Røneid, Årdal kommun

Norsk Tipping største bidragsytar i prosjektet

Idéen om å byggja aktivitetsparken kom til som resultat av ein idédugnad der mellom andre Idrettsrådet, Idrettslaga i Årdal, Fylkeskommunen og Ungdomsrådet var med. Etter at dei landa på å gå inn for ein aktivitetspark, gjekk det slag i slag. 

Av dei vel 1,25 millionar kronene det har kosta å byggje aktivitetsparken, har midlar frå Norsk Tipping dekt omlag helvta. Kommunen har stått for brorparten av finansieringa av den andre helvta av kostnadene, medan Sparebankstiftinga har løyvd 250 000 kroner.

Til toppen