Årdal: – Eg tok veldig mange former av papp, og so pakka me det inn i aluminiumsfolie, fortel Hedda.
Ho er ein av borna i Uravegen barnehage som har lært om robotar den siste tida. Alle ungane har fått laga kvar sin robot, og no er dei utstilte på Årdalssenteret attmed biblioteket.

– Og so pynta me på dei. Me har lim, og so har me funne mange fine ting til å pynta, seier Brage.
Sjølvstendig arbeid
Somme av borna står ved glasmonteret og snakkar om robotane dei har laga.
– Den roboten der liknar ein u-båt, kjem det frå ein av gutane.
Barnehagelærarane sto for liminga, men elles har seksåringane laga robotane heilt sjølve.
Dei har dikta opp robotfasongar, mana fram andletsuttrykk, og elles kome med kreative påfunn.
Somme har pynta opp robotane med til dømes mansjettknappar eller fargerike band.

Ungane likar skaparprosessen og lèt seg fascinere
Barnehagelærarane Jannicke Øyre Nundal og Elisabeth Styve høyrde med ungane kva dei ville laga i årets prosjekt «lat meg skapa», eit landsomfemnande prosjekt for å stimulera til kreativitet i barnehagane.
– So snart me nemnde at me kan laga robotar, so var dei veldig ivrige på det, fortel Styve.
Ungane har hatt med seg knappar, skruar og litt ymse verdlause materiale i ranslane sine, og alt dette vart samla i ein kasse.
Borna fekk so plukka ut det dei ville og pakka det inn i folie. Alle har jobba på likt, og dei har vore tolmodige og venta på tur i limekøen.
Dei har fylgt spent med når barnehagelærarane har limt på knappar og ting på dei forskjellige robotane. Borna har vore «arkitektane» og bestemt korleis robotane skal verta pynta ned til minste detalj.

– Dei likar å skapa noko, og so få høve til å gjera det på sin måte, seier Styve.
Førebudde seg med formlære
For å bu seg til robotprosjektet, hadde borna formlære i barnehagen ei tid før robotprosjektet starta.
Dei har trena seg på å laga sirklar og firkantar og lært om korleis former kan dana grunnlaget for figurar, som til dømes robotar.
Dei har bygt robotane på tre veker. Elisabeth Styve og Jannicke Øyre Nundal har vore dei einaste vaksne til å hjelpa borna.
– Dei gledar seg veldig til å få med seg robotane heim no etter at dei har vore på utstilling, fortel Styve.