
Årdal: – Det er fint at det omsider kan koma opp skilt.
Det seier Aud Henjum i Årdal Mote AS. Ho fortel at dei har venta eit par år på dette vedtaket.
– Skilta vil syna dei tilreisande at her er det mykje fint ein kan få fatt i og få dei til å tenkja at her er det interessant å stogga, seier Henjum.
Rådmannen føreslo å ta ned vinmonopolskiltet i same slengen
Rådmannen føreslo å innvilga søknaden til Eurosign AS. Det var denne verksemda som på vegne av butikkane hadde søkt om løyve til å setja opp skilta.
Ifylgje regelverket til kommunen skal det ikkje setjast opp slike skilt, men lovverket opnar for at dei folkevalde kan gjera unnatak.
Samtidig som rådmannen gav tommelen opp til dei nye skilta, tok han til orde for at Vinmonopolet må ta ned det store, lysande skiltet dei har på veggen mot nordsida. Han meinte polet heller fekk nøya seg med eit lite eitt på likefot med dei tolv andre butikkane mot nord-aust.
Formannskapet var ikkje samd med rådmannen i dette.

– Alle tener på at Vinmonopolet har det store skiltet på nordveggen. Difor sa me nei til at Vinmonopolet måtte ta ned dette, seier Hilmar Høl frå AP.
Han og dei andre tre røysteføre i formannskapet vedtok at dei tolv nye skilta skal få koma på plass mot nord-aust utan at korkje Vinmonopolet eller Coop Extra må ta ned sine lysande skilt på nordsida.
Vedtaket inneber dispensasjon frå det kommunale reglementet
Regelboka i Årdal seier at butikkskilt berre skal henga på hovudfasaden til eit bygg. I Årdalsenteret sitt tilfelle er det fasaden ut mot parkeringsplassen ved inngangen til Coop som går for å vera hovudfasaden.
Vidare skal i utgangspunktet kvar butikk berre ha eitt veggskilt som rettar seg ut mot gateplan.

Hittil er det berre Vinmonopolet og Coop Extra som har hatt dispensasjon. Dei har hatt kvart sitt lysande skilt på den lange fasaden mot Storevegen og det får dei altso halda fram med å ha.
Europris hadde alt fått slik dispensasjon
Tidlegare fekk Europris innvilga dispensasjon til å ha to ulike fasadeskilt på sitt nye handelsbygg i Årdal.
Løyva som kommunen gjev til å setja opp slike ekstraskilt gjeld for fem år om gangen.