SKISKULE MIDT PÅ SOMMAREN: Ski er faktisk ein heilårssport, men der mange må finne fram rulleskia, kan deltakarane på sommarskiskulen på Sognefjellet faktisk trene på snø. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKISKULE MIDT PÅ SOMMAREN: Ski er faktisk ein heilårssport, men der mange må finne fram rulleskia, kan deltakarane på sommarskiskulen på Sognefjellet faktisk trene på snø. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

På denne sommarskiskulen får deltakarane faktisk gått på ski

Det er ikkje mange stader i landet ein kan gå på ski i juni, men det kan ein på Sognefjellet Sommarskisenter.

Sognefjellet: Denne veka er skisenteret fylt til randen med folk som ikkje kan få nok av skigåing, deriblant unge og lovande skientusiastar som deltek på Sogn og Fjordane skikrins sin sommarskiskule. 

I motsetnad til mange andre sommarskiskular i landet, foregår opplæringa på nettopp ski med snø som underlag. Om lag 30 ungdommar i aldersgruppa 12–16 år deltek i år.

– Det er litt færre enn dei siste åra, men det skuldast at me er i utakt med resten av landet når det gjeld sommarferien. Det er tradisjon å ha sommarskiskulen første veka etter skuleslutt, men i år er me ganske åleine om å ha ferie på denne tida, seier leiar i Sogn og Fjordane skikrins Yngve Thorsen. 

LÆRERIKT: På sommarskiskulen lærer deltakarane basisferdigheitene som må til for å bli god på ski, fortel Yngve Thorsen i skikrinsen. 
LÆRERIKT: På sommarskiskulen lærer deltakarane basisferdigheitene som må til for å bli god på ski, fortel Yngve Thorsen i skikrinsen. 

Fokus på basisferdigheiter

Dette er det 4. året at skikrinsen samarbeidar med Sognefjellet Sommarskisenter og Fanaråk idrettslag om å arrangere skiskule. 

– Det er utruleg god kvalitet på løypene, og senteret gjer ein kjempejobb med å leggje til rette for gode forhold, seier Thorsen.

På sommarskiskulen lærer deltakarane først og fremst grunnleggande basisferdigheiter,

– Dei går sjølvsagt ein del på ski, men mykje er knytt til balanse, tyngdeoverføring, frekvens og andre grunnelement som ligg i botn for god skiteknikk. Spesielt for dei yngste gruppene er det veldig leikprega, forklarar han.

Trenar saman med skistjernene

Om det skulle vere vrient med motivasjon, er det sjølvsagt til stor inspirasjon at skistjerner som Therese Johaug, Nicklas Dyrhaug og Martin Johnsrud Sundby plutseleg kan passere dei i løypa. Denne veka er alle tre å sjå på skisenteret.

– Det er klart det er kjempeinspirerande. Det betyr mykje. Dei var her samstundes som oss for to år sidan også. Då var det stor ståhei, smiler Thorsen og fortel ei historie om ein som sikkert fekk sitt livs største øyeblikk den gongen.

– Johnsrud Sundby sat på matsalen og drakk kaffi då ein av våre elevar gjekk inn og sette seg på bordet ved sidan av han. Det var heilt tomt i salen, og eleven vår vart sitjande å stirre før han reiste seg, var nett borti Sundby med fingeren og sprang ut til kompisane – «Eg tok på han». 

Her er elevane i aksjon måndag

Til toppen