KJEMPAR I TOPPEN: Årdal har gjort det merkverdig godt i haust, så godt at dersom berre haustsesongen hadde telt, ville dei ha snust på ein pallplass. Montasje: Truls Grane Sylvarnes.
KJEMPAR I TOPPEN: Årdal har gjort det merkverdig godt i haust, så godt at dersom berre haustsesongen hadde telt, ville dei ha snust på ein pallplass. Montasje: Truls Grane Sylvarnes.

På denne tabellen ligg Årdal heilt i toppen

Tenk om berre haustsesongen var teljande.

Årdal: Diverre er det ikkje slik, og årdølene finn seg sjølv på nedre halvdel av tabellen fem poeng over nedrykk. Med seks poeng igjen å kjempe om skal alt gå gale for at Årdal spelar i divisjonen under komande sesong.

Det kan dei takke den strålande haustsesongen for. Berre to lag har tatt meir poeng enn dei så langt i haust. Eitt av dei har allereie sikra seg opprykk for lengst, medan det andre deler andreplassen på poeng.

Les også: Årdal fekk hjelp – slik kan dei sikre plassen

Elleve kampar er spelt av haustsesongen, og på desse elleve har Årdal prestert slik: Fem sigrar, fire uavgjort og to tap. Dei fem sigrane og fire uavgjorte kom mellom tapa, noko som gav ei rekke på ni kampar utan poengtap. 

Deler tredjeplassen

Porten.no har sett litt nærare på kor bra det eigentleg er og kjem fram til at berre eitt fattig mål held årdølene unna pallplass i haust.

– Dette var eg ikkje klar over, men eg rekna på det før helga, og då var det me og Brattvåg som hadde sluppe inn færrast mål, seier Ivan Øy, som skildrar haustsesongen som stabil – først og fremst i spelarstallen, noko som har gjeve betre kvalitet på treningsfeltet og i kampar.

Les også: Årdal tapte for eit forsterka Florø 2-lag

Årdal har tatt 19 poeng i haust. Det same har Spjelkavik og Hødd 2. Årdal har ein målforskjell på +13, Hødd 2 er hakket betre med +14. Spjelkavik har ein positiv målforskjell på 5. Det eine målet gjer at Hødd 2 sklir inn på pallplass og kaprar 3. plassen når ein tel opp to rundar før slutt. 

Svak vårsesong

Til samanlikning tok Årdal 13 poeng i vår, så ein kan definitivt skulde på ein svak vårsesong for at laget i år også hatt nedrykksspøkelse, om ikkje hengande over seg, så iallfall så nærme at dei kan merke skikkelsen. 

– Det er jo det som er litt irriterande. Me i Årdal FK tenker at me skal vera i 3. divisjon. Me siktar ikkje høgare, men hadde me hatt ein bortimot like jamn vårsesong som me har hatt no, så ser me kva slags kvalitetar som bur i laget og at me fortener å vera her, seier Øy. 

Årdal-trenaren fortel at dei prøvde å gjere ting litt annleis før sesongen i år etter at den same tendensen skjedde i 2014. Og det lykkast dei med. Gode treningskampar og eit stabilt nivå mot antatt betre lag gav gode resultat. 

– Men så kom det ein sjukdomsperiode som sette oss heilt ut. Det gjorde at me fekk eit etterslep pluss at ting kolliderte med skiftplanar. Det var ikkje berre éin ting, men fleire ting som kom samstundes. 

Må ta eitt poeng

Som sagt, det er mykje som skal til for at Årdal rykker ned, og dersom det blir tap mot det desidert beste laget i avdelinga laurdag og Kristiansund 2 sigrar, blir det kamp til døra. Alt årdølene treng er eitt poeng eller at laget frå Kristiansund tapar.

– Me må gå ut der for å ta det poenget som er naudsynt for at me skal vera sikra. Me møter eit lag som har vunne serien suverent og er det suverent beste laget. Men okay, dei skal møta oss på stadion, og me har bestemt oss for at me skal gje dei ein kamp, seier Øy.

Kampen, som eigentleg skulle spelast på kunstgraset, er flytta til Jotun stadion og gras. Der er rammene betre, føler Øy, til at Årdal skal sikre ein plass i neste års 3. divisjon.

Til toppen