Indre Sogn: Frå 1.januar blir det innført AutoPASS på seks ferjesamband. To av dei ligg i Indre Sogn.
Det gjeld sambandet Mannheller - Fodnes mellom Sogndal og Lærdal, og Vangsnes - Hella - Dragsvik mellom Leikanger, Balestrand og Vik.
På desse sambanda kan det frå 1.januar ikkje bruka AutoPASS ferjekort eller ander ferjekort. Det er kun kontant betaling, bankkort eller AutoPASS-brikke.
Desse sambanda får også AutoPASS 1.januar:
- Volda- Folkestad
- Solavågen-Festaya
- Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad
- Fjelbergsambandet: Fjelberg - Sydnes - Utbjoa - Borgundøy
Ny hydrogenferje
I juli 2018 vart det kjent at Norled skulle ta over sambanda, etter dei vann bydde over Fjord1 i anbodsrunda. Kontrakta gjeld frå 2020 til og med ut 2027.
Når Norled tek over sambandet Mannheller - Fodnes kjem det også nye ferjer. Ferja «Ryfylke» skal køyra mellom Mannheller og Fodnes.
Den går på LNG-gass.
Liquefied natural gas (LNG), er ein naturgass som hovudsakeleg består av metan, men også noko etan samt andre hydrokarbonar og nitrogen.