VEGARBEID: Biletet syner lysreguleringa ved Midnestunnelen på Fv 53 i Årdal tysdag kveld. Foto: Statens vegvesen/ Webkamera
VEGARBEID: Biletet syner lysreguleringa ved Midnestunnelen på Fv 53 i Årdal tysdag kveld. Foto: Statens vegvesen/ Webkamera

På E16 må du rekne med vegarbeid og ventetid

Ein etter ein står tunnelane på strekninga Borlaug til Håbakken i Lærdal for tur. Men det er ikkje den einaste plassen som det no blir utført vegarbeid på.  

Gjennom Midnestunnelen på Fv 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har det vore eitt stengt felt og lysregulering på grunn av vegarbeid sidan tidleg september. Her er ventetida sett til kring 15 minutt. Arbeidet vil halde fram til 2. november. 

Ein etter ein på E16

Fram til tysdag kveld klokka 23.00 er det manuell dirigering gjennom Tuftåstunnelen på E16 i Lærdal. 

Onsdag 30. september er det Borgundtunnelen på E16 sin tur. Arbeidet startar frå klokka 8 og held fram til klokka 18.00.

Seltatunnelen står for tur torsdag 1. oktober. Statens vegvesen arbeidar mellom klokka 8.00 og 18.00. På desse tre tunnelane må du rekne med ventetid på kring 30 minutt. 

Held fram arbeidet i vinter

Arbeidet på Lærdalstunnelen på E16 har alt starta. Mellom måndag og fredag fram til 31. mars vil det vera vegarbeid i frå klokka 8.00 til 20.00 med ventetid på kring 20 minutt. 

På E16 over Filefjell held vegarbeidet fram til 1. desember og mellom måndag og laurdag i tidsrommet frå klokka 7.00 til 19.00 kan vegen blir stengt i periodar på 30 minutt. 

Over fjella

Skal du over Rv 52 Hemsedalsfjellet er det innsnevring og lysregulering på grunn av vegarbeid mellom Borlaug og Hemsedal. Arbeidet held på mellom frå klokka 7.00 til 19.00, og vil halde fram ut oktober. 

Fv 50 Geiteryggtunnelen på strekning Hol - Aurland er nattestengt mellom måndag og torsdag frå klokka 20.00 til klokka 8.00 neste dag. Også her vil arbeidet halde fram ut oktober. 

Fleire trafikkmeldingar finn på nettsidene til Statens vegvesen. 

Til toppen