Gol/Årdal: Leiaren for symjegruppa, Ingeborg Hjelle, fortel at mange av symjarane sette personleg rekord under stevnet på andre sida av fjellet i slutten av november.
– Det var fleire som sette personleg rekord med fem sekund, så IL Jotun tok fleire pallplasseringar under stevnet, fortel ho.

Idrettslaget byrjar med andre ord hevde seg att slik dei ein gong gjorde.
– Det er veldig kjekt at andre klubbar legg merke til oss og bemerkar at trenarane våre ser ut til å gjere noko rett. Det var nivå på dette stevnet, så det er godt å høyre at me er på rett veg.
– Det var utruleg god innsats frå symjarane. Dei gav alt, og det var fantastisk god stemning på land, seier Hjelle og gir like mykje skryt til trenarane.
Det neste store for symjegruppa i Jotun er ei treningssamling i januar. Då kjem sjølvaste Sander Smørdal til bygda. Smørdal er tidlegare Norgesmeister og kjem frå Førde.
– Då kjem dei beste frå fylket hit. Det blir veldig kjekt. Me er på ei positiv bølgje no, men me ønskjer oss endå fleire symjarar. Det er plass til mange fleire, ingen problem, avsluttar Hjelle.