KREVDE SVAR: Rita Navarsete (Frp) ville vita kvifor Sogndal er den kommunen i Sogn som brukar mest på konsulentar og advokatar.
KREVDE SVAR: Rita Navarsete (Frp) ville vita kvifor Sogndal er den kommunen i Sogn som brukar mest på konsulentar og advokatar.

På fem år har Sogndal brukt 84 millionar på konsulentar og advokatar

Det uroar Frp, som på sist kommunestyremøte ba om å få vita kva pengane har blitt brukte til.

Sogndal: – Dette er store summar, større enn andre kommunar i Indre Sogn, sjølv når me tek omsyn til folketal, sa Rita Navarsete (Frp) frå talarstolen.

Det var Sogn Avis som først løfta problemstillinga, då dei i oktober skreiv om skyhøge konsulentutgifter hos kommunane i Sogn.

– Eg må sjølv klypa meg i armen over slike beløp, innrømte rådmann Jostein Aanestad, før han forklarte kva alle millionane hadde gått til.

73 av dei 84 millionane har gått til konsulentar. Rådmannen seier det store beløpet først og fremst kjem av at kommunen har bygd mykje dei siste åra. Han nemnde bygginga av det nye helse- og omsorgssenteret som eksempel. Berre her har det gått med førti millionar kroner til konsulentar, tretti av dei til arkitekt- og ingeniørtenester.

– Det er kostnadskrevjande å planlegga så store bygg, med så mange tekniske installasjonar, forklarte rådmannen.

Dei høge advokatutgiftene, rundt 11 millionar i same periode, seier rådmannen først og fremst er knytt til grunnerverv. For eksempel måtte kommunen gå fleire rundar i retten for å få fastsett kompensasjon til grunneigarane under bygginga av Fjordstien.

Etter møtet fekk Navarsete og Frp oversikta over pengebruken på e-post.

– Me er like sjokkerte. Me har ikkje fått fordjupa oss i det enno, men styret vil følgja dette opp, seier Navarsete.

Til toppen