På god veg til Berlin etter vellukka loppemarknad

Kantina på Årdal vidaregåande var fylt til randen med fine lopper til loppemarknaden i helga.

Denne helga såg kantina på Årdal vidaregåande skule ein smule annleis ut enn vanleg. Andreåret studiespesialiserande (2STA) arrangerte den årlege loppemarknaden til inntekt for klassetur til Berlin og fylte kantina med alt frå gamle lamper til moderne treningsapparat.

Mange årdøler tok turen på loppemarknad i helga, og ein av elevane bak loppemarknaden Marte Rinde er kjempenøgd med arrangement, oppslutnad og resultat.

Ho fortel at klassen er overvelda over alle dei flotte loppene dei har fått inn og glade for at den tradisjonelle loppemarknaden nok ein gong har synt seg å vere suksess.

Sjå fleire bilete frå loppemarknaden øvst i saka.

– Me har jobba hardt alle saman, og med stor hjelp frå foreldre fekk me det til i år òg. Bygdefolket har vore rause som alltid, og me fekk inn utruleg mykje fint.

– Ikkje berre gav dei lopper, men mange tok òg turen hit for å støtte oss. Mange satte seg ned i cafeen vår, drakk kaffi, slo av ein prat med kjende og kosa seg. Me har fått mange gode tilbakemeldingar, noko me sjølvsagt tykkjer er stas.

Nøgde kundar

På loppemarknaden møter Porten.no Jeanette Reisig og Nicole Nickel blant alle loppene. Dei tyske damene elskar loppemarknad og tykkjer det er synd at det berre er ein gong i året.

Reisig seier til at ho som nyinnflytt årdøl finn mange ting ho treng på loppemarknaden.

– Som tyskar elskar eg loppemarknadar for i Tyskland er det loppemarknadar stadig vekk. Eg tykkjer det er eit kjempeflott arrangement og eit fint tilbod, og det er utruleg kor mykje fint dei har fått inn.

Audmjuke konkurrentar

Som Porten.no har skreve tidlegare, så har loppemarknaden i år fått litt konkurranse etter at Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter starta opp og baserte seg på mykje av det same konseptet.

Men det har ikkje hatt mykje å seia for innsamlinga. Prosjektleiar for føretaket Steinar Drægni seier dei har gjort mest mogleg for å vere til minst mogleg bry for skuleelevane.

– Me ynskjer ikkje å øydeleggje og har difor lagt daud vår marknadsføring i helga og bestemt oss for å halde butikken stengd. Via Facebook-sida vår har me òg oppmoda alle som ein til å ta turen til 2STA sin loppemarknad.

Godt samarbeid

Drægni skryt av elevane og den store dugnaden dei legg ned. Han tykkjer dei gjer ein kjempejobb og vonar at det går bra.

– Pengane dei tener går til ein klassetur med bra fagleg innhald, der dei lærer og opplever mykje. Det at me held stengt vert på ein måte vårt vesle bidrag.

– Kundane våre tok nyhenda om den stengde brukthandelen særs godt, og me har fått mange gode tilbakemeldingar på valet om å halde stengd akkurat denne helga. 

Når søndagen kjem og loppemarknaden er ferdig, er det Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter som får overta loppene frå loppemarknaden. Drægni tykkjer dette er veldig hyggeleg av elevane og set stor pris på det gode samarbeidet dei har hatt. 

80 000 kroner

Rinde, og resten av elevane, set òg stor pris på samarbeidet dei har hatt med Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter.

– Me ynskjer å rette ein stor takk til Brukthandelen for det gode samarbeidet, marknadsføringa og alle hjelpa dei har gitt oss. Me set sjølvsagt veldig stor pris på det, og er glade for at dei kan få nytte av loppene me har samla inn når me er ferdige med dei.

Målet med loppemarknaden var å samle inn pengar til klassetur til Berlin våren 2015. Tallause timar vart nytta til vasking, rydding og sortering, og resultatet vart supert då klassen sat att med 80 000 kroner til klasseturen.

Til toppen