STATISTAR: Miso Film, som produserer «Frikjent», skal i gang med innspelinga av sesong to neste veka og søkjer statistar. Pressefoto: Carl Christian Raabe/Miso Film Norge. 
STATISTAR: Miso Film, som produserer «Frikjent», skal i gang med innspelinga av sesong to neste veka og søkjer statistar. Pressefoto: Carl Christian Raabe/Miso Film Norge. 

På jakt etter statistar til Frikjent-innspeling

Kanskje du kan pryde TV-skjermar i det ganske land når sesong to av «Frikjent» går på lufta?

Årdal/Lærdal: Miso Film søkjer no etter statistar til innspelinga av den populære spenningsserien «Frikjent», som blei godt mottatt då den vart vist i fjor på TV 2. 

Måndag startar innspelinga av sesong to, og Miso Film går difor ut i lokalmedia på jakt etter statistar. Under førre innspeling, var det fleire kjende ansikt å sjå i episodane.

– Miso Film er på jakt etter statistar i alle aldrar til innspelinga av TV-serien «Frikjent 2» i lærdals- og årdalsområdet frå 8. til 19. februar. Behova er forskjellige fra dag til dag, og me ynskjer å kome i kontakt med deg som har lyst og anledning til å delta i innspelinga, skriv dei.

Dersom du meiner du høver på fjernsyn, bør du sende inn namn, alder, høgde, storleik, kontaktinformasjon og bilete av deg sjølv til casting.frikjent@gmail.com.

Til toppen