Dette blikskotet er teke under ein fotoshoot for skimagasinet Fri Flyt på Sogn Skisenter.
Dette blikskotet er teke under ein fotoshoot for skimagasinet Fri Flyt på Sogn Skisenter. (Foto: Vegard Byrkjeland Aasen)

VEKAS FOTO

På jobboppdrag: – Borte bra, heime best

Fotografen set pris på at han har ein jobb som gjer at han får vere mykje ute i naturen.

Indre Sogn: Vekas foto er teke av Vegard Byrkjeland Aasen frå Solvorn, og på bilete kan ein sjå kompisen Bjarte Seltaas i meget god stil. Dette blikskotet er teke under ein fotoshoot for skimagasinet Fri Flyt på Sogn Skisenter. 

Byrkjeland Aasen driv selskapet Veri media, som spesialiserar seg i utandørs film og foto. 

– Sogn Skisenter er vårt lokale skiannlegg, så det er alltid kjekt å gjere fotojobbar der, seier han.

Borte bra, heime best

Selskapet Veri media starta han opp med kompisen sin Knut-Hendrik Lajord Snitjer for tre år sidan. Han er takksam for at han har ein jobb som gjer at han kan vere mykje ute i naturen. 

– Det er heilt fantastisk å vere såpass mykje ute som me er. Det å kunne velje å vere ute når det er fint vêr og heller vere inne når det er mindre fint vêr, er ein veldig fin ting, seier han. 

– Eg er veldig glad å vere ute, det er jo der eg trivest best. 

Sjølv om han trivest godt bak kameraet, legg han ikkje skjul på at kameraet ofte vert lagt att heime når han skal på på ski.

– Kvar står du mest på ski?

– Eg vil tru eg står mest i Sogn. Eg er òg mykje ute på tur rundt om kring, men eg har nok flest skidagar i Sogn. Borte bra, heime best, avsluttar Byrkjeland Aasen.

ORGINALFOT: Bjarte Selaaas i meget god stil. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen
Til toppen