Høyanger: Då julegrana skulle tennast laurdag var sentrum fylt av julemusikk, julelys, nisseluer og julestemning. Nokre av dei som tok turen var Jeanette Friis Walsvik og jentungane Ingrid og Ingeborg.
– Me tenkte ikkje ein gong på at me fraus, for det var så god stemning, seier Friis Walsvik.
Set pris på juletradisjonane i bygda
Familien har tradisjon om å alltid få med seg julegateopninga. Friis Walsvik fortel at det var ekstra fint då yngstejenta skulle syngje saman med resten av barnehagen.
– Stjernegruppa frå barnehagen song to songar med barnehagen, og akkurat når dei var ferdige med siste songen byrja snøen å dale ned. Det var heilt magisk.
– Deretter vart lyset på treet tent, og julenissen kom, så det var veldig stemningsfullt.
Ho fortel at ungane var kjempenøgde. Dei sprang rundt og leika med venner. Og itradisjonen tru delte julenissen ut snop til dei små.
– Heldige
Friis Walsvik er takksam for at ho får ta med familien på slike typar arrangement i bygda.
– Det er veldig kjekt at folk i Høyanger steller i stand slike ting. Alt frå messe på samfunnshuset, langope i butikkkane, julemusikk frå korpset og kino for alle. Det skapar litt liv og gjer noko med oss alle trur eg, seier ho og legg til:
– Me er heldige som har det slik, då kjem me alle i skikkelig julestemning.