KONSERT: Hauge kyrkje er scena for julekonsert når Martin Halla, Maria Arredondo og Torstein Sødal kjem på besøk i desember. Foto: Jan Christian Jerving.
KONSERT: Hauge kyrkje er scena for julekonsert når Martin Halla, Maria Arredondo og Torstein Sødal kjem på besøk i desember. Foto: Jan Christian Jerving.

På leit etter nokon å synge duett med

Til helga legg Maria Arredondo, Martin Halla og Torstein Sødal ut på juleturné. I desember besøker dei Lærdal. 

Lærdal: Julekonserten har fått namnet Vår Jul, og på dei ulike plassane trioen besøker er Maria Arredondo på jakt etter nokon å synge duett med. Difor søker ho etter lokale songfuglar.

– Har du drøymt om å stå på scena, eller kjenner du kanskje nokon som går med ein artist i magen? Då ønskjer me å kome i kontakt med deg, seier dei tre artistane i ei pressemelding, der du kan lese meir om korleis du melder deg på. 

På juleturneen vil dei nemleg ha med seg lokale songspirer til å syngja songen «Himmel på jord» saman med Maria Arredondo.

Artikkelen held fram under biletet.

TIL LÆRDAL: Trioen Martin Halla, Maria Arredondo og Torstein Sødal kjem til Hauge kyrkje i Lærdal 10. desember.
TIL LÆRDAL: Trioen Martin Halla, Maria Arredondo og Torstein Sødal kjem til Hauge kyrkje i Lærdal 10. desember.

– Dette er ein vakker song som verkeleg fangar mykje av det jula handlar om for meg. Det å kunne dele denne opplevinga med songglade menneske eg treff på vegen frå Kristiansand i sør til Oppdal i nord, vil gjera dette til ei heilt spesiell oppleving for meg, seier ho.

Elles vil konserten bestå av kjende og kjære julesongar akkompagnert av barnekor frå dei 26 stadene dei besøker.

Konserten i Lærdal er 10. desember i Hauge kyrkje. 

Til toppen