På leit etter ro og fred i sjela?

På leit etter ro og fred i sjela?

Komande helg kan alle som vil vera med på ei roleg samling med yoga og mat på Svalheim Gard i Utladalen i Øvre Årdal.

Det blir yoga i peisvarmen i det nyleg restaurerte vognhuset, matlagingskurs på gardskjøkkenet, foredrag om Ayurveda og økologisk mat og ikkje minst tid til samtale, refleksjon og studiar i stampen eller rundt bålet i lavvoen.

Det er Trine Marie Johansen (25) som er instruktørar, og saman med matentusiast Therese Larsen vil dei sørgja for eit roleg og harmonisk opphald på idylliske Svalheim Gard i Utladalen i Øvre Årdal 9.-11. oktober.

Arrangørane understrekar at ein ikkje treng vera verken ung, , erfaren innan yoga, mjuk eller sprek for å vera på den mediative helga dei kallar "Ro Yoga and Detox". 

FINN RO I SJELA: Trine Marie Johansen er blant dei som brukar yoga for å finna ro i sjela, og håpar fleire finn turen til Svalheim Gard komande helg.
FINN RO I SJELA: Trine Marie Johansen er blant dei som brukar yoga for å finna ro i sjela, og håpar fleire finn turen til Svalheim Gard komande helg.

Gje slepp på angst og forventningspress

- Eg tok ryt200 ved Paramanand Institute of Yoga Science and Research i Indore i India i mai i år, og er sertifisert gjennom Yoga Alliance. Medan eg var i India opplevde eg gjennom meditasjon at tankemønstera mine byrja å endra seg, seier Trine Marie Johansen til Porten.no

Ho opnar seg, og fortel at ho ikkje klarte å gje slepp på forventningspress, stress, angst og ting som har prega livet hennar dei siste åra.

- Eg hadde ei usunn oppfatning om korleis eg ville livet mitt skulle sjå ut. Gjennom meditasjon og yoga har eg klart å bryta litt vekk frå det.

Gjennom meditasjon og yoga har ho klart å reetablera eit sunnare sinn, og istadenfor å ha noko som helst oppfatning om korleis livet hennar skulle sjå ut, tek ho no ein dag om gongen.

SPREK, MEN: Yogainstruktør Trine Marie Johansen har blant anna vore i India for å sertifisera seg innan yoga, men om du melder deg på kurs med denne dama, treng du ikkje uroa deg for at du må vera like ung, mjuk og sprek.
SPREK, MEN: Yogainstruktør Trine Marie Johansen har blant anna vore i India for å sertifisera seg innan yoga, men om du melder deg på kurs med denne dama, treng du ikkje uroa deg for at du må vera like ung, mjuk og sprek.

Felles interesser, tankar og verdiar

- Yogahelga var ein sporadisk idè som plutseleg vart verkeleg. Eg kjente Therese Larsen då eg budde på Tjøme. Me tok opp att kontakten gjennom sosialmediet Instagram der me tilfeldigvis oppdaga at me har mange felles interesser, tankar og verdiar i forhold til yoga og indiske filosofiar, fortel Johansen.

Ho er glad for at Kristoffer Nystedt, som sjølv har drive med yoga, tilbydde seg å la dei bruka Svalheim Gard, og då var det eigentleg gjort.

- Me har ikkje så mange påmelde enno, så det er berre å melda seg på, uansett om ein berre vil vera med på deler av helga, eller heile, smiler Johansen.

Roleg helg i rolege omgjevnader

Ho forklarar at helga  blir ei intim samling i rolege omgjevnader på idylliske Svalheim Gard i Utladalen.

- I yogatimane vil me fokusera på korleis å skapa ein personleg praksis og oppdaga eigne motivasjoner for å drive med yoga. Saman med matentusiast

SLAPP AV: I helga kan du slappa av med yoga på Svalheim Gard.
SLAPP AV: I helga kan du slappa av med yoga på Svalheim Gard.

Therese Larsen skal me lage mat med preg av indisk filosofi og blant anna bruka råvarer frå landets einaste økologiske hagebruksskule i Aurland, seier Johansen.

Ettersom det  berre er èin påmeldt til heile helga og fleire påmelde laurdagen, kan det henda det blir gjort litt endringar i programmet for at dei som kjem laurdagen skal få mest utbytte av opplevelsen.

Treng ikkje vera med heile helga

- Me er absolutt opne for at folk kjem når dei sjølv har tid i løpet av laurdagen og vera med på det dei sjølv ønskjer. Det viktigaste er å spreie ideen om yoga som ein metode for å ta vare på seg sjølv, både mentalt og fysisk. Yoga er ei investering i framtida og er bevist å hindra kroniske smerter, migrene og stivheit i musklar og ledd.

Ho understrekar at ho gjer alt ho kan for å skapa yogatimar som passer den einskilde med enkle øvingar som folk kan integrera i sin eigen kvardag.

Trine Marie Johansen er for tida blant anna yogainstruktør på Årdal Gym og i Sogndal, og får gode attendemeldingar.

Treng du meir informasjon, kan du ringa Trine Marie, eller gå inn på www.shalashanti.com  . Der ligg heile programmet for helga, og kva alternativ du kan melda deg på.

 

Til toppen