ELEGANT: Kromlistene som strekk seg framover gir DS5 eit elegant og luksuriøst utsjånad. Foto: Jan Harry Svendsen
ELEGANT: Kromlistene som strekk seg framover gir DS5 eit elegant og luksuriøst utsjånad. Foto: Jan Harry Svendsen

På ny veg

DS er eit heilt nytt bilmerke og produsenten Citroëns veg opp i premiumklassen. Ein vil gjerne like DS5 – men det er vanskeleg.

  • Endret

Det er mange som snakkar om premium, denne eksklusive klassen av bilar som tronar over den meir gemeine hop. Audi, BMW og Mercedes-Benz skal ikkje få lov til å regjere i denne klassen aleine, ikkje hvis Citröen – med sitt nye merke DS – for det som dei vil.

Eige merke

Ny grill og ny front, i tillegg til å vere reinsa for alle Citroën-merke. DS er ikkje lengre ein modellserie frå Citroën – men eit heilt eige merkenamn. Likevel spelar namnet på gamle strenger. Citroën DS, kanskje mest kjent som Padda, var ein av Citroëns verkeleg store suksessar då bilen vart lansert på bilutstillinga i Paris i 1955.

Artikkelen held fram under biletet.

EIGE MERKE: Vinklane er vekke, DS har blitt eit eige merke adskilt frå Citro‘n.
EIGE MERKE: Vinklane er vekke, DS har blitt eit eige merke adskilt frå Citro‘n.

Eitt kvarter etter at bilen var avduka, hadde Citroën fått inn 743 ordrar. Og innan messa stengde første dag, hadde den franske produsenten ein ordreserve på imponerande 12.000 bilar.

Individuell

Det er lett å like DS5 på avstand. Designet er annleis. Innvendig gir dei mange knappane i taket den kule følelsen av å sitje i ein cockpit – sjølv om det er håplaust uoversiktleg å måtte betene knappar som oppheld seg nettopp i taket.

DS skal ha for at dei har prøvd. Og inst inne ønskjer ein at dei lykkast. Endeleg finst det eit køyretøy som tør å gå på tvers av etablerte normer. Som tør å gå eigne vegar og skilje seg ut blant ein stadig større flaum av bilar som liknar kvarandre.

Artikkelen held fram under biletet.

 STJELER PLASS: Karosseriet sin coupe-form stjeler plass. Spesielt i baksetet går det utover takhøgden.
 STJELER PLASS: Karosseriet sin coupe-form stjeler plass. Spesielt i baksetet går det utover takhøgden.

Ikkje på nivå

Kanskje er det nettopp derfor skuffelsen også blir så stor. Frå utsida gir bilen inntrykk av å vere ekstremt eksklusiv og gedigen. Dei to massive kromlistene som strekker seg fram langs panseret er lekre og oser av luksus. Men så opnar du døra. Der møter du skinn som ser billig og sjaskete ut, og materialar som bilar i mellomklassen lett kan matche.

Allereie før ein har rulla ein meter, har altså DS bomma på det mest fundamentale i ein bil som vender seg til kundar i premiumklassen. DS fell igjennom der han skulle gitt oss ei overbevisande kjensle av kvalitet.

Mange stolpar

COCKPIT: Førarmiljøet er ikkje som i andre bilar. Knappar i taket gir ein spesiell følelse. Dessverre er oversikta og kjensla av kvalitet ikkje av dei beste.
COCKPIT: Førarmiljøet er ikkje som i andre bilar. Knappar i taket gir ein spesiell følelse. Dessverre er oversikta og kjensla av kvalitet ikkje av dei beste.

Så er det oversikta. Før du kjem til sidevindauget på førardøra, har DS klart å lage to stolpar. Mellom dei er ein liten glugge av eit vindauge, men verst er det at vinkelen på A-stolpen (den som er plassert ved frontruta) er så flat. Når han i tillegg stel mykje sikt på skrå framover, er ikkje det nokon god ting. Sikta bakover er heller ikkje noko å skryte av – her er det ein tversgåande stolpe som er i vegen.

Det neste er rattet med sin flate botn. Sjølv om ein venner seg til det ganske raskt, aukar det ikkje beteningskomforten.

Behageleg

Innvendig er ikkje plassen optimal. Føraren har greitt med plass, men utforminga på dashbordet stel plass frå passasjeren, og i baksetet sørgjer takvinkelen for at takhøgda vert redusert. Beinplassen er heller ikkje så altfor mykje å skryte av.

Ute på vegen køyrer DS5 behageleg – og nettopp det er eitt av dei sterke korta til bilen saman med den silkemjuke automatkassen.

Understellet er sett opp for komfort, og leverer også varene. Likevel er konklusjonen krystallklar: Nokon premiumbil er DS5 langt frå. Til det er manglane for store og kvalitetsfølelsen for svak. Det han derimot klarer, er å vere eit stilikon for dei som tør å skilje seg ut. Men det er ikkje så mange av dei. I fjor var det berre 43 kjøparar som valde denne bilen, som i 2015 vart selt under namnet Citroën DS5 og ikkje berre DS5.

Til toppen