Filefjell: – Det øvste laget med asfalt, elektrisitet og kantane på vegen er hovudsakleg det som står att, seier Harald Stadheim, som har vore byggjeleiar for strekninga Varpe bru - Smedalsosen under filefjellprosjektet.
Etter at Borlaugstunnelen opna hausten 2014 er det denne strekninga det har handla om i det store vegprosjektet over Filefjell.
Vegbygginga er delt opp i fire delprosjekt. Den første delen frå Eidsbru til Varpe bru vart ferdigstilt i 2012. Dette er ei strekning på drygt fem kilometer og den første stigninga opp mot Filefjell når ein kjem frå aust.
Filefjelltunnelen skal gjera Filefjell temmeleg vintersikker
Den andre delen som vart bygd var strekninga frå Borlaug til Smedalsosen. Her vart den fire kilometer lange Borlaugstunnelen opna hausten 2014.
Strekninga frå Smedalsosen til Varpe bru stod så for tur, og er den definitiv lengste strekninga. Denne utgjer med sine 20 kilometer halvparten av det totale prosjektet - både i strekning og kostnader. Hæhre Entreprenør AS har vore hovudentreprenør for dette delprosjektet.
Bygginga av Borlaugstunnelen og vegen vidare frå Maristova opp mot Smedalsosen erstatta først og fremst ein smal, krunglete og svingete veg med ein bein og brei veg derav fire kilometer er Borlaugstunnelen.
Delprosjektet vidare over høgfjellet frå Smedalsosen til Varpe bru legg den mest vêrharde strekninga i tunnel og skal såleis gjera at stengingar og kolonnekøyringar over Filefjell meir eller mindre blir historie frå neste vinter av. Dessutan slepp ein unna den svingete vegen mellom skisenteret og Tyinkrysset.
Artikkelen held fram under biletet

Tunnelarbeidet stoppa nesten opp på grunn av trøbbel med massane
Stadheim har altså vore byggjeleiar frå Statens Vegvesen si side og fortel arbeidet har gått veldig greitt.
– Det har gått veldig bra, me har hatt eit svært godt samarbeid med Hæhre.
Det største problemet dei har støytt på undervegs, er at fjellet inneheldt ein del fyllitt - ein lagdelt bergart dårleg eigna til å byggja veg på. Difor måtte stein hentast frå andre stader. Området det vart peika på, var Torvmo ved Brusestølen i Lærdal og det vart laga ein reguleringsplan for masseuttak her.
Dette var ikkje berre berre, for grunneigarane ved Brusestølen ønskja å endra planframlegget, slik at dei i ein periode på kring ti år kan ta ut deponerte massar til bygging av veg og til arbeid i Brusestølen hyttefelt. Også Fylkesmannen peika på at uttaket var eit stort landskapsinngrep i eit sårbart område. Såleis sa formannskapet i Lærdal først nei til uttaket.
Les også: – Uforsvarleg, sjølv om E16 må fram
Då stod arbeidet med Filefjelltunnelen i fare for å stoppa opp, men etter ei veke med avklaringar gav kommunestyret i Lærdal i juni 2015 si velsigning og «krisa» vart avverga.
Les også: Vegvesenet får nytte stein frå Lærdal til E16
– Der masseuttaket gav høge skjeringar har me fyllt oppatt så eg vil seia området er finare enn det var i utgangspunktet, seier Stadheim.
Ligg godt an til opning hausten 2017
Onsdag fekk pressa vera med på ei prøvekøyring av den 5,8 kilometer lange tunnelen - det viktigaste momentet i filefjellprosjektet med tanke på vinterregularitet.
Artikkelen held fram under biletet

– Eg trur me har kontroll i høve å bli ferdige i tide. Eigentleg har me vore heldige tre haustar på rad og fått arbeidd lenger enn me kunne venta. Når det blir for kaldt kan me ikkje byggja veg, seier Stadheim.
Filefjelltunnelen skal etter planen opnast hausten 2017, truleg i oktober. Arbeidet med vegen som ligg i dagen på både vestsida frå Kyrkjestølen til Smedalsosen og austsida frå Tyinkrysset til Varpe bru og vidare til Eidsbru er ferdigstilt og utan lysregulering.
Les også: Snart kan du køyre her uhindra
Heile filefjellprosjektet har hatt ei styringsramme på 3,3 milliardar kroner. Prosjektleiar for filefjellprosjektet i Statens Vegvesen, Odd Erik Haugen fortalde før synfaringa at prognosane no tilseier ein kostnad på 3,1 milliardar kroner, altså ligg ein svært godt an i høve ramma.
Artikkelen held fram under biletet

Følg siste delprosjekt på Facebook
No har også bygginga i det fjerde og siste delprosjektet starta - dette er frå Øye til Eidsbru og med sine 4,1 kilometer den kortaste strekninga av dei fire delprosjekta. Her blir det ein to kilometer lang tunnel, Rødølstunnelen. Denne har påhogg frå vest ved Eidsbru i sørenden av Strondafjorden og kjem ut att i aust på austsida av Øye sentrum. Altså omgår ein sentrumet med denne tunnelen.

Prosjektleiar Haugen fortel det er to litt «spennande» punkt når den Austerrike-baserte entreprenøren Strabag no sprengjer ut tunnelen.
– Det er eit søkk akkurat der me går under Kongevegen frå vest - dette kan tyda på eit svakt område, så her må me vera forsiktige. I den austre delen går me under Rødøla, så her ventar me at det kan koma til å trenga inn vatn.
Haugen fortalde også at ein kan følgja med på facebooksida «Statens Vegvesen, E16 Filefjell» kor langt Strabag har kome med sprenginga. Teikninga som syner framdrifta blir oppdatert annan kvar torsdag, og 17.november var entreprenøren komen 25 meter inn frå vest.
Dette siste delprosjektet er venta å vera ferdig i 2018 og då er altså heile filefjellprosjektet ferdigstilt.