FREKT: Tjuvar braut seg inn i verksemd på Hafslo i dag.
FREKT: Tjuvar braut seg inn i verksemd på Hafslo i dag. (Illustrasjonsbilete: arkiv)

Tjuvar braut seg inn på sjølvaste nasjonaldagen

Stal verktøy og utstyr.

Luster: Tidleg 17. mai vart det meld om innbrot i ei verksemd på Hafslo.

– Det er stole to tilhengarar, ei motorsak, noko verktøy og utstyr. Tjuvane hadde òg rota det veldig til under innbrotet, seier Eivind Hellesund ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Han seier eine tilhengaren vart funne at av lokalbefolkninga etter at eigaren la ut bilete av dei stolne tinga på Facebook. Ein politipatrulje vart send til staden. Dei har avhørt eigaren av verksemda og sjekka lokala der innbrotet har vore.

– Dei jobbar der framleis, seier Hellesund.

Til toppen