KLARE: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er klare til påskeinnrykket på Skogadalsbøen. Foto: Skogadalsbøen
KLARE: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er klare til påskeinnrykket på Skogadalsbøen. Foto: Skogadalsbøen

– På Skogadalsbøen er det perfekte skitilhøve

Påska er høgtid for å spenna på seg skia, men ein heller snøfattig vinter gjer at det er lite «kvitt gull» mange stader i fjellheimen. På Skogadalsbøen har dei derimot svært gode skitilhøve

Årdal/Luster: – Det verkar som mange tenkjer på å reisa hit i påska. Me får mykje telefonar frå folk som spør om det er snø, for mange andre stader i Jotunheimen er det heller dårleg. Og då kan me svara at her er det kjempemasse snø, seier Trine Marie Johansen.

Ho driv Skogadalsbøen saman med kjærasten Ole Martin Moen, og dei opna DNT-hytta for ei veke sidan. Når Porten.no snakkar med Johansen tysdag midt på dagen er det på alle måtar perfekte tilhøve.

– Null grader, sol, blå himmel og flott sikt til alle toppane rundt Så no er det kjempefint her.

Artikkelen held fram under biletet

GODE TILHØVE: Biletet er frå helga før påske, men meldingane går ut på framleis svært gode skitilhøve ved Skogadalsbøen.
GODE TILHØVE: Biletet er frå helga før påske, men meldingane går ut på framleis svært gode skitilhøve ved Skogadalsbøen.

Slik kjem ein seg til Skogadalsbøen no

Storinnrykket har lata venta på seg så langt, men det reknar Johansen med kjem no inn mot sjølve påskehelga.

– Så langt har det vore heilt okei, verken veldig mykje eller veldig lite. Dei siste dagane har pågangen vore litt større, og me ventar meir folk i dag og i morgon. 

På vinteren og våren kjem ein til Skogadalsbøen ved å gå ei av dei mange skiløypene frå andre hytter som ligg ved veg. Kortast er det frå Turtagrø via Keisarpasset, eventuelt Styggedalen – eller over slettene frå Sognefjellshytta og ned Vetle Utladalen (Til Sognefjellshytta må ein gå på ski frå der Sognefjellsvegene er stengt i aust eller vest – Huldrehaugen i vest og Rustadsæter i aust (herifrå kan ein booka transport til Krossbu, som ligg på vegen til Sognefjellshytta)).

PÅSKEPYNTA: Vertskapet har pynta opp til høgtida.
PÅSKEPYNTA: Vertskapet har pynta opp til høgtida.

Noko lengre blir det frå Leirdalen til Leirvassbu og vidare via Gravdalen til Skogadalsbøen, eller frå Fondsbu via Kvitevatnet og Urdadalsvatnet.

– For årdøler er det kanskje enklast frå Fondsbu ettersom ein kan køyra opp til Tyinosen og ta beltebil inn til Fondsbu derifrå. Og me blir veldig glade når det kjem årdøler hit. Me pratar mykje om Årdal og Utladalen til gjestene våre – driv marknadsføring til den store gullmedalje, ler Johansen.

Slår til med festmiddag påskeafta

FYR: Alle peisan er fyrt opp.
FYR: Alle peisan er fyrt opp.

Ho oppmodar også folk til å følgja Skogadalsbøen på Snapchat eller Facebook, der det ligg mykje info og bilete.

– Har de nokre spesielle planar for påska?

– Påskeafta feirar me med ein festmiddag; pinnekjøt og gode dessertar. Så har me gjort ein god innsats for å gjera hytta påskeklar; pynta rundt her og fyrt opp i alle peisane så det blir både varmt og koseleg.

Her kan du lesa meir om Skogadalsbøen på DNT sine nettsider.

Andre betjente hytter som held ope i dei vestraste delene av Jotunheimen/Breheimen i påska er:

 

Til toppen