KAN MÅTTE TREKKE LAGET: Akkurat no har Jotun/Årdalstangen så få spelarar at dei risikerer å måtte trekke laget med eit par veker att til sesongstart. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KAN MÅTTE TREKKE LAGET: Akkurat no har Jotun/Årdalstangen så få spelarar at dei risikerer å måtte trekke laget med eit par veker att til sesongstart. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

På spelarjakt to veker før sesongstart

Terminlista viser at det er tolv dagar att til Jotun/Årdalstangen sesongopnar mot Sogndal. No går klubben ut på spelarjakt.

Årdal: Med berre nokre dagar att til sesongstart er ting framleis ikkje på plass i handballen i Årdal. Framleis manglar det ein leiar for handballgruppa i Jotun, og no står dei i fare for å måtte trekke laget.

Det einaste som førebels ser sikkert ut, er at Olafur Sveinsson held fram som trenar, slik klubben stadfesta tidlegare denne månaden.

– Me har gått ut for å sjekke kven av spelarane som er med vidare. Sidan det var sommar, tok det litt tid å få svar. Me ser no at me er for få til å ha lag. Difor går me ut i media med beskjeden om at dersom me skal ha lag, må spelarar melde seg, seier leiar i IL Jotun, Arnt Moen. 

– I 4. divisjon er nivået enklare. Sjølv om det må trenast, er det enklare å vera med for dei som tidlegare har tenkt at dei er uaktuelle på grunn av nivået.

Bråk på og utanfor bana

Pilene har peika i feil retning for handballen i seinare tid. Svake resultat på parketten har kome parallellt med bråk utanfor parketten. 

– Kan dette bråket vere ei årsak til at folk ikkje vil bidra?

– Eg skal vere litt forsiktig med å seie noko bestemt. Det er vanskeleg å seie, men det har kome nokre tilbakemeldingar, seier leiaren forsiktig. 

Rydde i rekkene og gi støtte

Etter to nedrykk på rad, startar laget no opp i 4. divisjon. Arbeidsutvalet som porten.no møter trur laget kan ha godt av ein sesong eller to nede i divisjonane slik at ein kan starta oppattbygginga av det tidlegare flaggskipet i Sogn og Fjordane på nytt. 

– Det me satsar på no, dersom det blir lag, er at me skal støtte opp om senior, vere meir synlege og gi støtte rundt lag og spelarar slik at me får eit godt miljø, er beskjeden frå arbeidsutvalet.

Men det er utfordringar. Økonomisk er det uaktuelt å bruke like store ressursar på spelarar og trenarar som tidlegare. Når ein kombinerer dette med at unge, lovande spelarar flyttar frå bygda i 18-19-årsalderen, blir det forståeleg nok krevjande.

– I år blir ein mellomsesong, der me skal hjelpe til og sørge for at me får til dette. Det er viktig for oss at me får til eit lag. Det er viktig å ha eit seniorlag for rekruttering, dei yngre og bygda. Det er samlande, legg Moen til. 

Vil satse på dei unge

Ein del av sponsormidlane vert øyremerka aldersbestemt for verkeleg å skape eit godt treningsmiljø nedover i rekkene. Som resultat av det håpar arbeidsutvalet at fleire tar steget til senior, slik at ein kan få eit større miljø og spelarbase att. 

Viss ikkje det blir lag i år, er det ein reell frykt for at det vil ta år før ein klarar å blåse vind i segla på flaggskipet att. 

– Så me oppfordrar unge og gamle handballspelarar til å melda seg til arbeidsutvalet dersom dei vil vera med og sikre at me får eit lag i år òg.

Til toppen