LIK TEKNOLOGI: Under panseret er alt heilt likt: 1,4 liter/150 hk bensinmotor som blir toppa med 110 hk elmotor. Foto: Øivind Skar.
LIK TEKNOLOGI: Under panseret er alt heilt likt: 1,4 liter/150 hk bensinmotor som blir toppa med 110 hk elmotor. Foto: Øivind Skar.

På straum og bensin

Ladehybridane Audi A3 e-tron og VW Golf GTE er så ønskte på norske vegar at finansministeren allereie har stroke eingongsavgifta.

  • Endret

Lat det vere sagt med ein gong: Når funksjonalitet og miljøaspekt blir vekta mot pris, er dei ladbare variantane dei beste Audi A3 og VW Golf nokosinne. Samtidig er bilane i sum så like at testteamet ikkje klarte å skilje dei.

Begge kostar nærast på krona det same, altså rett under 330.000 kroner, pluss frakt og leveringskostnader. Teknologien er også heilt lik, med 1,4 liter/150 hk bensinmotor som blir toppa med 110 hk elmotor. Maksimalt effektuttak er oppgitt til 204 hk for begge bilane.

Det gjer bilane styggraske med 7,8 sekund til 100 km/t som beste måleverdi. Å akselerere frå 70 til 100 km/t ved eksempelvis ei forbikøyring tek ikkje meir enn tre sekund.

Artikkelen held fram under biletet.

GOLF: GTE er den beste Golfen ever, men også den til no dyraste å produsere.
GOLF: GTE er den beste Golfen ever, men også den til no dyraste å produsere.

På straum og bensin

Her handlar det verkeleg om ytingar ein GT-bil verdig, pakka fint inn i eit familiebilkonsept som fungerer like godt til småkøyring som under dei store utfluktene.

Begge er oppgitt å klare bortimot 50 km på rein straum. Vi klarte 48 km under særs gunstige forhold og 35 km under normale køyreforhold.

Miljøvennlegheita til ladehybridar handlar ikkje berre om batterikapasitet og straumforbruk, men like mykje om forbruket som vanleg hybrid. Batteriet lèt seg ikkje tømme heilt, ein viss prosent av kapasiteten blir behalde slik at bilen kan fortsetje som vanleg hybrid når det ikkje er straum nok igjen til rein eldrift.

Artikkelen held fram under biletet.

AUDI: Ladbar A3 kan bli Audis vinnarbil i Noreg.
AUDI: Ladbar A3 kan bli Audis vinnarbil i Noreg.

Det er her genialiteten til ladehybridane som «to i ein»-bilar kjem til syne: På småkøyring, og gjerne til og frå jobben, kan transporten gå føre seg elektrisk, medan bensintanken effektivt fjernar rekkeviddangsten på langturar. Både A3 e-tron og Golf GTE kan dessutan ladast under køyring viss eksempelvis ei framtidig bysone skulle krevje nullutslepp og batterikapasiteten er oppbrukt.

Derfor blir det gitt så store avgiftsrabattar på ladehybridar. Bilar med ikkje altfor høg vekt og store motorar slepp unna alle eingongsavgifter med unntak av moms.
0,62 liter/mil

Men kor miljøvennleg er ein ladehybrid når han blir køyrt på bensin? Spørsmålet lét seg enkelt svare på ved å «tømme» batteriet for deretter å fortsetje som om ingenting var skjedd. Så vi køyrde time etter time på norske og svenske landevegar, la inn nokre mil med motorveg, før heile reisa enda ved ei bensinpumpe: 0,63 liter/mil på Golf og 0,62 liter/mil på A3.

Med kjent rekkevidde på straum og kjent bensinforbruk, er det no lett å rekne seg fram til aktuelt forbruk for kvar ein køyretur.

Samanlikna med kjende hybridar som Toyotaane Prius og Auris er forbrukstala for A3 og Golf GTE ikkje spesielt gode, men la oss ikkje gløyme køyregleda og motorkrafta i dei to kompaktbilane. Det er lett å la seg freiste til å trykkje ekstra hardt på gasspedalen – rett og slett fordi bilane er så morosame å ratte.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ BENSIN: Når batteriet er tomt for straum, fortset køyringa på bensin.
PÅ BENSIN: Når batteriet er tomt for straum, fortset køyringa på bensin.

Like god plass i begge

Sånn i det daglege fungerer begge like godt. Målingane våre viser omtrent identiske innvendige mål: Beinplassen bak er ganske lik (66 cm i A3 mot 69 cm i Golf ved BILs målemetode), takhøgda både framme og bak er lik (102/95 cm) og djupna i bagasjerommet heilt lik (150/75 cm som to/femseter). Lite skil på bagasjevolum som er 100 liter mindre enn i standardutgåvene (272/280 liter).

Begge kan trekkje tilhengar på 1500 kilo. Dei fleste andre ladbare bilar kan ikkje trekkje noko som helst.

Artikkelen held fram under biletet.

GOLF: Smart ladekontakt i grillen.
GOLF: Smart ladekontakt i grillen.

300 kilo vektauke

Både Golf GTE og Audi A3 e-tron er blant dei beste i klassen å køyre. Men ekstra motor og batteripakken dreg opp vekta med heile 300 kilo samanlikna med same bil med vanleg bensinmotor og DSG-girkasse. Normalt vil ein så stor vektauke påverke køyreeigenskapane negativt, men det gjer det knapt på desse to.

At ein Audi A3 til 423.000 kroner ikkje har automatisk blendbart spegel eller usb-uttak stussa vi over, ettersom Golf GTE til 30.000 kroner lågare pris har alt dette – pluss aktiv cruisekontroll. (©NPK)

Til toppen