FLAUM: Luster var ein av kommunane som fekk kjenne på kraftig vêr i fjor.
FLAUM: Luster var ein av kommunane som fekk kjenne på kraftig vêr i fjor. (Foto: Porten.no-tipsar)

Meiner det er tide med tvang i klimakampen

Du og eg må ta støyten dersom samfunnet skal nå klimamåla. Og sidan vi ikkje er flinke og motiverte nok til å bidra fullt ut på friviljug basis, må vi «tvingast». Slik konkluderer forskarane etter ei stor europeisk studie, skriv Vestlandsforsking i ei pressemelding.

Carlo Aall og Karen Moberg ved Vestlandsforsking er medforfattar av studien, og meiner vi som samfunn ikkje har noko val:

– Påstanden om at «vi får ikkje folk til å slutte å fly» er ofte basert på spørsmål som «Vil du friviljug slutte å fly?». Svaret blir då rimelegvis nei. Men vi får andre svar gjennom bruk av såkalla strategiske spel; då får vi fram djupare tankar om kva folk meiner ut frå ulike føresetnader. Desse svara opnar nye rom i klimapolitikken, vi ser at folk godtek visse grader av tvang, også på det vanskelege flyområdet, kjem det fram i pressemeldinga. 

Studien, som er ført i pennen av forskarar frå Vestlandsforsking og 10 andre europeiske institutt, undersøkte korleis over 300 hushald i fire byar i Frankrike, Norge, Tyskland og Sverige stilte seg til ulike forslag om å endre sitt eige forbruk. I Noreg omfatta studien hushald i Bergen. Nokre konklusjonar:

  • Hushalda etterspør større grad av «tvang» for dermed å sikre at naudsynte forbruksendringar omfattar «alle» - ikkje berre dei få som er viljuge til å vere «den rare grøne familien i gata».
  • Etterisolering av bustaden, kjeldesortering av avfall og reduksjon i kvardagskøyring med bil er eksempel på område som har stor politisk merksemd og område der hushalda er villige til å endre forbruket frivillig. Dette er ikkje tilfelle for flyreiser og kosthaldsendringar.
  • Hushald med låg inntekt er meir villige til å akseptere radikale endringar av forbruket i klimavenleg retning enn dei med høg inntekt. Målretta tiltak på strategiske tidspunkt i livet – som når folk bestemmer kvar dei skal bu og om dei skal kjøpe bil - kan difor vera svært effektive.
  • «Tvang» kan vere forbod og avgifter, men for å få aksept for meir «tvang» må dette kombinerast med positive økonomiske verkemiddel (eks tilskot) og betre tilbod av klimavenlege løysingar, t.d. må tiltak som dyrare fly kombinerast med betre kollektivtransport

Fire metodar: Studien bygger på fire metodar: (1) Eit nettbasert skjema der hushalda svarar på spørsmål om sitt økonomiske og fysiske forbruk; (2) eit «heim-hos» klimaspel rettleia av forskarar; (3) «heime-hos» intervju 2 månader etter gjennomføring av klimaspelet; og (4) ei kartlegging av eksisterande klimapolitiske verkemiddel nasjonalt og i heimbyane til hushalda.

Les den nyaste artikkelen frå studien her.

Til toppen