GIR SEG: Margrethe Bøe, Silje Andrea Feet og Inghild Lysne Sanden takkar for seg i Kom Heimatt-komiteen, som no håpar andre vil ta deira plass slik at tradisjonen kan halde fram til neste år. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GIR SEG: Margrethe Bøe, Silje Andrea Feet og Inghild Lysne Sanden takkar for seg i Kom Heimatt-komiteen, som no håpar andre vil ta deira plass slik at tradisjonen kan halde fram til neste år. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

På utkikk etter nye folk i komiteen

Kom Heimatt treng nye folk til komiteen sin før neste års arrangement.

Lærdal: Kom Heimatt er eitt av dei store arrangementa i Lærdal kvart år. Arrangementet er tufta på frivillig arbeid frå lærdalsungdom, og i år var 11. gongen Kom Heimatt gjekk av stabelen.

Måndag skriv organisasjonen på si Facebook-side at tre av medlemma i komiteen takkar for seg. Dei tre er Silje Andrea Feet, Margrethe Bøe og Inghild Lysne Sanden. 

– Når nokon går, lyt andre inn. Me treng difor fleire medlem, skriv dei og oppmodar interesserte til å melde si interesse.

Les også: Ønskjer å bidra til ein positiv prat om Lærdal

– For at konseptet «Kom Heimatt» skal kunne halde fram, er me heilt avhengige av at folk stiller opp. Om du kjenner deg kalla til å bli med på sumarens kjekkaste karusell i Lærdal, kan du sende oss ei melding på innboksen. Me kryssar fingre og tær for full innboks før helga.

Kom Heimatt er eit viktig innslag kvar sommar i Lærdal og blir på mange måtar rekna som eit høgdepunkt, då utflytte lærdøler gjerne tek turen heim denne helga. 

Til toppen