TVERGASTEIN: Årdal Gålag framfor hytta til Arne Næss, 1505 meter over havet. Foto: Privat. 
TVERGASTEIN: Årdal Gålag framfor hytta til Arne Næss, 1505 meter over havet. Foto: Privat. 

På vandring i Hallingskarvet

Med Hans Vidar Nestegard frå Statens Naturvernoppsyn som guide, fekk Årdal Gålag ei fantastisk turoppleving i Hallingskarvet Nasjonalpark.

Med invitasjon til vandring i Hallingskarvet reiste 41 medlemmar frå Årdal Gålag på overnattingstur til Geilo, og kom heim att med mange nye opplevingar på minnet.

Fleire av medlemmane var oppe til varden på Prestholtskarvet, og årdølene kunne der skue utover Hallingskarvet Nasjonalpark og Hardangervidda 1859 meter over havet. 

Minne for livet

Det synte seg at guiden deira, Hans Vidar Nestegard, sat på nøkkelen som kunne gje årdølene ei unik oppleving og eit minne for livet. 

Nestegard er med i stiftinga som har ansvaret for hytta til Arne Næss, Tvergastein. Dette har vore Næss sin heim og arbeidsstad ved fleire høve etter den stod ferdig i 1937, 1505 meter over havet og med Hallingskarvets stup bak og vidda framfor.

Gålaget fekk og sjå ein av dei mest vågale bygningane som fins i Noreg, denne er også utført av Arne Næss. Skarvereiret er ei klatrehytte på kanten av eit stup og i dag har Geilo klatreklubb bruksrett til denne hytta. 

Artikkelen held fram under biletet.

VÅGALT: Skarvereiret, eit av dei mest vågale byggeprosjekta som er å finne i Noreg.
VÅGALT: Skarvereiret, eit av dei mest vågale byggeprosjekta som er å finne i Noreg.

Arbeidsplass

Inne i hytta Tvergastein ser alt ut som det gjorde då Næss i periodar budde der. Med ei rikhaldig boksamling i kvart rom, antikke bondemøblar og heimesnekra lenestolar får ein kjenne på kven Næss var som person. På veggen heng klatreutstyr, teikningar og bilete, samt ein papirlapp med orda "Her sies ingen tomme ord". 

Guiden Nestegard kunne fortelje at han hadde hatt mange gode samtalar i denne hytta, saman med den gamle og verdskjende filosofen som døydde i 2009, 97 år gamal. 

Til toppen