VEKK: Sogndal skal vera einige med den amerikanske klubben Colorado Rapids om ein overgangssum på rundt fem millionar kroner. Arkivfoto

På veg til USA?

I følgje TV2 er Gilbert Komsoon (22) på veg til Major League Soccer-klubben Colorado Rapids.

Sogndal: Sogndal vil få 600 000 dollar pluss bonus for sin ghanesiske stjerne når han no ser ut til å gå til Major League Soccer-klubben Colorado Rapids. Det vil seia rundt fem millionar kroner for Komsoon, i følgje TV2.

Komsoon hadde ein god sesong for Sogndal i 2016, og leverte tre mål og ti målgjevande.

Komsoon debuterte også på det ghanesiske landslaget i fjor, men er ikkje ein del av landslagssjef Avram Grants tropp til Afrikamesterskapet.

– Grant føler ikkje at eg er i form til å vera i troppen hans no. Eg vil jobba hardt og eg er optimistisk med tanke på å bli teken ut neste gong, sa han til Football Ghana for nokre dagar sidan.

Til toppen