Sogndal: – Me håpar at me skal bestemma oss ganske snart. Me har ein unge på veg i august, så det hadde vore greitt å ha ting på plass før den tid, seier Henrik Furebotn.
Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, stadfester overfor Porten at samtalar pågår, men understrekar at ingenting er avgjort. Overgangsvindauget opnar 21.juli, så i alle høve er det først komande veke ein eventuell overgang frå Bodø/Glimt til Sogndal kan vera i boks.
Les også: Sigra i serieopninga
Les også: Furebotn klar for Glimt
Lite truleg at han held fram i Bodø
Årdølen spelte for Sogndal frå 2006 til 2012. Sidan gjekk vegen til Sandnes/Ulf og seinare Bodø/Glimt. Han har vore fast på laget i alle klubbane og spelt i eliteserien samanhengande sidan 2011.
No kan han altså vere på veg tilbake til klubben der han tok steget til det øvste nivået i norsk fotball.
Det er i allefall lite som tyder på at han held fram i Bodø/Glimt.
– No har eg ikkje fått noko kontraktstilbod frå dei. Det må nesten koma eit forslag før eg kan vurdera det, seier Furebotn.
Spelar gjerne under Bakke
Han er veldig imponert over det Eirik Bakke har fått til i halvanna år som trenar for klubben.
– Eg er framleis Sogndal-suppportar og ser alle kampane eg kan. Det har vore veldig bra, seier han.
– Kva betyr det for sjansane for at du no vender tilbake?
– Eg har no prata med Eirik før og sagt at eg gjerne vil spele under han. Spesielt når dei spelar så fin fotball som dei gjer no. Så det kan godt skje ein gong, seier Furebotn.
– Er det andre klubbar som har vist interesse?
– Nei, det er det ikkje, seier Furebotn.