3.plass:  Sogndal kommune driv godt etter Kommunebarometeret å døma. Illustrasjonsfoto
3.plass: Sogndal kommune driv godt etter Kommunebarometeret å døma. Illustrasjonsfoto

Pallplass for Sogndal

Sogndal hamnar på 3.plass på Kommunebarometeret. Dei andre kommunane i området ligg på nedre halvdel.

Sogndal: Barometeret er utarbeidd av Kommunal Rapport og seier noko om korleis kommunane driv. Sogndal hamnar på 3.plass på det endelege Kommunebarometeret, som vart publisert i går.

126 nøkkeltal

For dei andre kommunane er ikkje tabellen like lystig lesnad - Lærdal legg seg på 271.plass, Årdal på 318.plass og Aurland på 378.plass - av totalt 427 plassar. 

Det er totalt 126 nøkkeltal som ligg til grunn for kommunebarometeret. Den viktigste kjelda til dataene er SSBs Kostra-database, som blir publisert 15. mars og oppdatert 15. juni hvert år. Kommunane blir vekta i høve inntekt, altså stiller ein høgare krav til kommunar med god inntekt i utrekninga. Aurland får den definitivt "tøffaste" vektinga av dei fire kommunane i området.

Sandefjord vart vinnar av Kommunebarometeret 2016 framfor Mandal og altså Sogndal.

 

Til toppen