FLÅM BAKERI: Erik Norland (t.v) og Ludovic Frebaullt (t.h) har meir enn nok å gjere på det nyopna Flåm Bakeri i Flåm. Foto: Sunniva Øvstetun
FLÅM BAKERI: Erik Norland (t.v) og Ludovic Frebaullt (t.h) har meir enn nok å gjere på det nyopna Flåm Bakeri i Flåm. Foto: Sunniva Øvstetun

Pangstart for Flåm Bakeri

Det er ikkje meir enn to veker sidan Flåm Bakeri opna dørene for fyste gong, og sidan opninga har konditoren Erik Norland og bakar Ludovic Frebaullt hatt meir enn nok å gjere.

– Me sel oss tomme for bakverk kvar dag og det er ofte kø. Til tider kan det vere litt slitsamt, men det er sjølvsagt veldig kjekt, fortel Norland.

Dei to bakarane smiler breitt der dei står bak disken, sjølv om det har vore mykje arbeid og lite søvn dei to siste vekene. Bakeriet er nemleg ope kvar dag, og Norland og Frebaullt jobbar lange dagar for alltid å kunne freiste turistar og bygdefolket med ferske bakevarer.

– Det er veldig kjekt å sjå at det ikkje berre er turistane som kjem innom, men at også bygdefolket nyttar bakeriet. Det gir oss von om at bakeriet kan halde opent heile året, noko som utan tvil er det me ynskjer.

Bakverk med ein fransk vri
Flåm bakeri er å finne i dei gamle banklokala i Flåm, og her tilbyr dei heimelaga brød, bakevarer, smørbrød og iskrem.

I følgje den franske bakaren Frebaulllt er nøkkelen til godt bakverk tid og kjærleik, og mykje tydar på at han veit kva han pratar om. Bakverka er populære, og sjølv om det vert baka og steikt om lag 400 bakverk om dagen, og det er som oftast tomt i disken når dagen er omme.

Kanelsnurrar, croissant og muffins vert seld ut så fort dei kjem frå omnen, og den daglege leiaren er ikkje i tvil om at det er ein stor marknad for eit bakeri i Flåm.

– Målet vårt er å forsyne kundar med herlege nybakte bakverk heile året, både til fastbuande og turistar som kjem frå heile verda. Fram til no har me berre fått gode attendemeldingar, noko me sjølvsagt tykkjer er stas, seier Frebaullt.

Lokal inspirasjon
Flåm Bakeri er lagt under Fretheim Hotel, som også er eigd av Flåm AS. Administrerande direktør i Flåm AS, Solrun Hjelleflat, fortel at dei ynskjer å gi gjestene sine den beste opplevinga av destinasjonen Flåm, og at dette også inkluderer mat.

– Gjestane våre vert meir og meir kvalitetsmedvitne og bakeriet ynskjer å tilby kunden godsaker som dei kan ta med seg på tur.

Hjelleflat fortel til at bakarane har fått i oppgåve å spele på regionen sine særtrekk, noko som har ført til at både is og bakevarer er inspirert av frukt og bær. Ho legg til at dei lokale råvarene også vert sett stor pris på i bakeriet, og bidreg til eit godt lokalt produkt.

Samarbeid
At bakarane har nok å gjere i turistsesongen er det ingen tvil om, då cruiseskipa som legg til kai i Flåm har med seg fleire tusen potensielle kundar. Målet til bakeriet er å kunne halde opent også utanom turistsesongen, og dei har difor inngått samarbeid med lokale verksemder.

Det mykje omtala elektriske skipet Vision of The Fjords og Fretheim Hotel er to av dei lokale verksemdene som bakeriet skal forsyne med ferske bakverk. Hjelleflat fortel at det vert satt stor pris på desse samarbeida, og at dei på denne måten kan hjelpe kvarandre.

– Me har også vore i kontakt med dei andre lokale bakeria og ynskjer å få til eit samarbeid med desse, då me ser at behovet er større enn det dei kan dekke. Det er viktig for oss å vere samarbeidspartnarar i staden for konkurrentar, det tener ingen av oss på. 

Til toppen