Årdal: Bustadsprosjektet i Storevegen 28 har nettopp blitt lagt ut for sal, men allereie har sju av elleve leiligheiter har blitt selde.
– Me har hatt veldig god respons, seier Greta Steinheim, dagleg leiar i Årdal Boligbyggelag og meklar i Garanti i Årdal.

Det vart ein del fram og tilbake med prosjektet, før kommunestyret landa saka i oktober. I ein detaljreguleringsplan opna dei opp for at det kan vera bustader både i fyrste og andre etasje av Storevegen 28, ein forutsetning for at prosjektet vart noko av.
Sidan avgjerda kom har det vore hektisk, ikkje minst sidan leiligheitene dukka opp i marknaden.
– Det har vore heilt enormt. Dei eg snakkar med, seier til oss at dei berre har gått å venta at dette skal gå i orden. Det har vore kjempeflott og moro, seier Steinheim.
Dei har allereie passert talet leiligheiter dei må selja for å setta i gang med bygginga. No står dette berre att å avklara nokre siste detaljar, så startar arbeidet med riving og bygging.
– Me startar snarast mogleg, og har gode grunnar til å tru at det blir i løpet av mai månad, seier Ole Vidar Øren i Legal Eigedom.
