EIN ATTRAKSJON: Det kan verke som at stadig fleire får augo opp for Tindevegen. Årets sesongstart har vore formidabel, fortel Frank Eldegard. Foto: Tindevegen.
EIN ATTRAKSJON: Det kan verke som at stadig fleire får augo opp for Tindevegen. Årets sesongstart har vore formidabel, fortel Frank Eldegard. Foto: Tindevegen.

Pangstart på sesongen for Tindevegen

Søndag passerte nesten tusen menneske sentrum i Øvre Årdal.

Årdal: Tindevegen byrjar for alvor å bli ein attraksjon med sine hårnålssvingar og høge snøskavlar. Sidan opninga i slutten av april har det passert 1600 fleire køyretøy samanlikna med fjoråret, trass i at ein ligg på omtrent like mange driftsdagar som fjoråret.

– Det har vore ein formidabel start. Hovudsesongen er frå midten av juni og ut august, men mai-trafikken har vore over all forventning. Det er fleire faktorar som spelar inn, men vêret er alltid viktig, seier Frank Eldegard.

– Me har sett tendensen frå me opna at det ville bli bra trafikk. Me har hatt nokonlunde like mange driftsdagar som i fjor, men ligg likevel på 4000 passeringar. Det er ganske mykje når normaltrafikken er rundt 32 000 på ein sesong.

Mykje folk som passerer

Godt vêr er éin ting, men det hjelper også på at folk er flinke til å dela opplevingane dei har på turistvegen. Det er ganske spektakulært å køyre her på denne tida av året. 

– Dagtrafikken har vore opp mot 300 på dei beste dagane, og no vil det berre auka og auka. Viss ein reknar at det i snitt sit 2,5 personar per bil, var det nesten tusen som køyrte over torget på søndag, fortel Eldegard og meiner det bør bety mykje for ei bygd som satsar på reiselivet.

– Det bør vera ein inspirasjon for dei som skal ta tak i turistane. Moglegheitene er der, og så får me håpa dei tusen som fór over torget søndag fekk det dei var ute etter. Eg trur nok næringa har blitt meir bevisst på dette, og det er fleire tilbod som byrjar å kome fram i Årdal. Det er viktig med gode stoppeffektar. 

Skilting og utbetring

Tindevegen er absolutt ein attraksjon, men det krevst også vedlikehald og arbeid for å sikre vegen. Det er mellom anna eit ønske om å utbetre svingane, og det kan også skje at Tindevegen vert forlenga til å gjelde fylkesveg 53 også slik at ein lettare skal få turistar til å velje ruta innom Årdal når dei står på Tyinkrysset.

– Tindevegen startar per definisjon ved skihyttani Fardalen og over til Turtagrø. Den nedste delen er kommune- og fylkesdel, så svingane må andre svara for, men det er interessant at det skjer noko, og me håpar på progresjon der, fortel Eldegard.

– Tindevegen har blitt ganske omfattande, så ein kan utnytta det betre ved å vera ein del av ei større åre. Det er veldig interessant å trekke trafikk frå Fodnes og Tyinkrysset. Det vil gjera vegen meir synleg, så det er berre ein fordel. Me får venta å sjå kva som skjer. Dette med skilting er ganske restriktivt.

Eldegard seier at alt av pengar som dei får inn vert brukt til å utbetra vegen, alt frå godt dekke til å sikra vegen og gi opplysningar langs vegen. 

Til toppen