Sogndal: – Du må ikkje sjå på det som eit problem, men heller som ei utfordring, seier Ruth-Sølvi Helland, som sjølv trenar handballaget Florø United og var kurshaldar.
I regi av Sogn og Fjordane Idrettskrins blei det arrangert eit kurs i tilrettelegging for paraidrett. Kurset var både teoretisk og med praktisk øvingar for korleis ein kunne gjera det mogleg for alle å vera med.
– Ein må læra å tenke ut i frå deiras perspektiv, seier Helland.
Gløyme å tilrettelegge
Ho fortel vidare at ein ofte gløymer å legga til rette for dei som treng det og heller fokuserer på dei som er flinke.
– Eg trur det er derfor det er så mykje fråfall i idretten. Me er alt for opptekne av dei beste, men dei beste blir god på eiga initiativ. Me burde heller fokusera på å få alle med.
At folk føler at dei ikkje kan vera med skjer oftare enn ein kanskje skulle tru.
– Det er ofte vi tenker på oss sjølv eller har eit større fokus på dei som er flinke. Vi gløymer av og til å sjå rundt oss, seier Helland.
Ho håpar at dei som er med på kurset sit at med noko nytt og tenker anleis viss dei møter på nokon med ein nedsett funksjon.
Kan brukast i kvardagen
– Eg prøver å snu tankegangen til dei som er her i dag. Dei må våge å tenke anleis enn at det alltid skal vera som ei A-lagstrening.
Tilrettelegging er ikkje berre viktig på treningar, men er òg noko alle burde tenka på i kvardagen, meiner Helland.
– Ved å få dei som er med på kurset til å tenka anleis vil dei ta med seg dette overalt. Både i gangane på skulen og ut på arbeidsplassen, seier ho.