ERSTATNING: Brukarane og vergene som fekk sine personlege opplysingar offentleggjort i Årdal kommune sine postlister får no erstatning på 5.000 kroner kvar av kommunen. Foto: Advokatfirmaet Tollefsen. 
ERSTATNING: Brukarane og vergene som fekk sine personlege opplysingar offentleggjort i Årdal kommune sine postlister får no erstatning på 5.000 kroner kvar av kommunen. Foto: Advokatfirmaet Tollefsen. 

Pårørande får 5.000 kroner i erstatning 

Brukarane og vergene som fekk sine personopplysingar offentleggjort i Årdal kommune sine postlister, får no erstatning. 

Nyleg hadde dei pårørande og vergene til brukarane eit møte med Årdal kommune, der spørsmål om økonomisk oppreising og handteringa av situasjonen vart diskutert. Vergene av ni brukarar møtte opp. 

– Dei pårørande er sterkt berørt av det som ha skjedd og det er no semje om at kommunen betalar oppreisingerstatning til kvar enkelt involvert på 5.000 kroner, seier advokat Arvid Mellingen til Porten.no. 

Les også: Alvorleg: Publiserte private opplysningar i postjournal

Plaster på såret

I februar publiserte Årdal kommune sensetiv informasjon om personar med psykisk utviklingshemming og deira verger på sine offentlege postjournallister.

– Oppreisinga er ein symbolsum, meir enn noko anna. Eit plaster på såret. Dette var det fleirtalet av vergene og dei pårørande ønskja og det synest summen var grei, seier Mellingen. 

Saka er no avslutta for advokaten sin del, men dei pårørande skal framleis vere i dialog med kommunen for å diskutere kva som vart lagt ut av informasjon om den enkelte. Det skal ha vore ein del usikkerheit rundt akkurat dette. 

Les også: Advokat: - Mest alvorlege saka eg har sett

– Ingen trekkjer seg som verge

I lys av den store feilen til Årdal kommune, ønskjer alle vergene å halda fram i postane sine. 

- Det er ingen som ønskjer å trekkje seg som verge, seier Mellingen. 

Størrelsen på utbetalingssummen er ikkje av betyding for dei pårørande, det viktigaste for dei var at kommunen tok saka på alvor. 

– Det viktigaste for dei var at kommunen tok ansvar og såg det passande med ei erstatning, seier Mellingen. 

Skal kvalitetssikre postlistene 

Brukarane og vergene er nøgde med dei nye tiltaka som kommunen har sett til verks for å passa på at noko liknande ikkje skjer i framtida. 

– Dei skal kvalitetssikra postlistene i framtida. Det vil seie meir oppfølging av personale, i tillegg til at dei har kjøpt inn nye elektroniske hjelpemiddel som skal sikra at kontrollen vert meir effektiv, seier Mellingen. 

Rådmann i Årdal kommune, Olve Fossedal, opplyser også til Porten.no, at det ikkje lenger vert lagt ut lenkjer til fulltekstdokument i kommunen sine postlister. 

– Uansett kor gode rutinar ein har, så er det alltid ein fare for at dette kan skje. Utan noko dokument tilgjengeleg, kan det derfor no aldri skje igjen, seier Fossedal. 

Dei som vil ha innsyn, må difor be om det frå no av. 

Ferdig med saka

Både dei pårørande og kommunen ser seg no ferdige med saka. 

- Vi fekk gode tilbakemeldingar frå vergene og det er difor all grunn til å tru at dette vert handtert på ein god måte, seier Fossedal. 

Han seier at begge partar vart samde om ein kompensasjon. 

- Det viktigaste for meg er korleis vergene opplevde situasjonen, avsluttar han. 

Formannskapet vart orientert om dette møtet den 8. mars. 

Til toppen