Indre Sogn: Dét melder banken i ei pressemelding.
Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har lokaler i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik. Indre Sogn Sparebank har i tillegg kontor i Sogndal og Bergen.
Banksjefane utrykkjer stor glede over at fusjonsavtalen no er vedteken. Grunnlaget for å koma dit har vore ein grundig og god prosess som har teke vare på alle bankane sine interesser.
55 tilsette i fem kommunar
Fusjonen vart annonsert i juni 2018, og måndag vart fusjonsavtala signert. Ifølgje pressemeldinga vert ho lagt fram for generalforsamlingane for avgjerd 18. desember.
Det nye bankkonsernet vil ha 55 tilsette i fem kommunar og ein forvaltningskapital på 7,8 milliardar kroner, heiter det i pressemeldinga.
Med denne endringa ynskjer ein å ta vare på lokalbanken og samstundes rigga den for framtida. Vi endrar for å ta vare på.
Sett av pengar til lokalt
I samband med fusjonen vil det ikkje bli oppretta sparebankstiftingar.
Grunnfondskapitalen som bankane går inn med i den nye banken vil bli øyremerka og vil danna grunnlag for lokale gåvetildelingar og etablering av eventuelle framtidige stiftingar, skriv dei.