Lærdal: – I gruppemøtet vårt var me heilt klare på at me ikkje kjem ikkje til å gå inn for mange av desse mindre, upopulære kutta. Me kjem i staden til å gå inn for ekstra innsparingar på administrativt og leiarnivå, seier gruppeleiar Kåre Mentz Lysne i Ap.
Mellom anna nemner han at Arbeidarpartiet vil halda begge bassenga opne. Vidare at dei mange kutta i tilbod for innbyggjarane og midlar til mellom anna lag og organisasjonar og kultur som rådmannen legg opp til i sitt budsjettframlegg, ikkje er noko partiet vil vera med på.
Sjå lista over føreslegne kutt her: Føreslår å stenga begge bassenga
Løn, varig innsparing pg optimalisering av organisasjonen
Kor vidt det kan bli snakk om å gå frå ein tre- til ein tonivåkommune - det vil seia at linja med kommunalsjefar blir høvla vekk - vil ikkje Lysne gå nærare inn på.
– Me veit at det må gå ein prossess før ein kan seia to eller tre nivå. Men i rammebudsjetteringa vår vil me vera heilt klare på kva me meiner. Dette vil gå på løn, tiltak som gir varig innsparing og optimalisering av organisasjonen.
Arbeidarpartiet heldt gruppemøte tysdag der budsjettet vart diskutert. Senterpartiet hadde sitt gruppemøte måndag, og ordførar Jan Geir Solheim fortel heller ikkje dei kan godta alle kutta i tilbod til innbyggjarane som rådmannen legg opp til:
– Me er einige om at me ikkje vil kutta så mykje på små beløp og gjennom upopulære tiltak - det kan ikkje Senterpartiet gå med på. Me skal sjå på administrasjon og leiing - her har me eit prosjekt med eit utval gåande, «Optimal organisering».
I utvalet sit politikarar, tilsette i administrasjonen og representantar frå Fagforbundet pluss Utdanningsforbundet.
– Viktig med einstemmig budsjettvedtak
– Me blir nøydde til å kutta på administrasjonen. Det er snakk om kutt på budsjettpostar, me sit ikkje og styrer kva stillingar som skal bort eller korleis dette blir gjort. I denne omgangen avgjer me budsjettpostane, så må dei endelege løysingane koma gjennom arbeidet i utvalet over jul - med budsjettet i botnen.
Solheim fortel vidare at Senterpartiet ønskjer å få til eit einstemmig budsjettvedtak:
– Me jobbar med å høyra kva dei andre partia tenkjer her og kor langt me står frå kvarandre - me kjem til å vera svært konkrete sjølve og er detaljerte på tala. No tykkjer me det er veldig viktig å få eit einstemmig vedtak på budsjettet. Det er jobba mykje og seint med dette siste tida.
Formannskapet handsamar budsjettet torsdag 8.desember for endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret 15.desember.