Partykongen kom til Lærdal i helikopter

Freddy Kalas reiste direkte frå VG-lista til Jordeplerock.

Lærdal: I helga gjekk den årlege festivalen Jordeplerock av stabelen.

Torgeir Skjerdal seier til Porten.no at helga har vore heilt fantastisk. I år var det publikumsrekord med 2600 personar innom, så vi er kjempefornøgde.

– Vi føler vi har oppnådd mykje av det vi har arbeida for dei siste åra. Alt med tryggleik og strukturen for det heile. Det har vore god flyt i køar og lite bråk. Vi har oppnådd det vi har jobba for, seier Skjerdal.

Kom i helikopter frå Oslo

Freddy Kalas var siste artist på scena laurdag. Klokka 21:30 framførte han låten ”Gjøre Ingenting” direkte på Rådhusplassen i Oslo. Dette i forbindelse med VG-listeshowet som vart sendt på P3 direkte og Nrk1. To timar seinare landa han med helikopter i Lærdal for å spele på Jordeplerock.

Det var planlagt at Kalas skulle komme med helikopter, seier Skjerdal.

– Han skulle spele i VG-lista først. Når han kom flygande nedover dalen tok dei seg ein ekstra svingom over festivalområdet. Då vart det mykje kviskring blant publikum at det var partykongen som kom. Vi har aldri sett så stor merksemd rundt ein artist legg Skjerdal til.

Folk har storkosa seg på konsertane

Vi har sett på alle konsertane at folk har kosa seg skikkeleg. Folk har komme tidleg og akkurat ved opning fortel Skjerdal.

Det var 2600 betalande og veldig mange inne på festivalområdet.

– Vi har hatt mange fantastiske frivillige medhjelparar. I år har Nattuglene byrja gå i sentrum. Dei har vore veldig hjelpsame. Skjerdal vil rette ei stor takk til dei, Røde kors og frivillige.

– Vert det Jordeplerock neste år også?

– Ja, vi er klare for neste år, avsluttar Skjerdal.

Til toppen