Leikanger: I januar døydde ein pasient ved sentralsjukehuset i Førde etter å ha trilla utfor ei trapp då han skulle ut og røyke.
Fylkesmannen har granska saka, og kome fram til at pasienten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.
– Pasienten vart kartlagt og hadde auka risiko for fall. Sjølv om pasienten fekk fallførebyggande tiltak, meiner me at desse ikkje møtte den faktiske tilstanden til pasienten, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding på eigne nettsider.
Helse Førde har i etterkant analysert ulukka og dei moglege årsakene til at ho kunne skje. På bakgrunn av analysen vil dei laga ein plan for korleis dei skal følga opp funna.
– Dette er i tråd med plikta til å arbeida systematisk med kvalitetsforbetring. Fylkesmannen har fått kopi av analysen og har bedt om å få kopi av planen, skriv Fylkesmannen.
Fylkesmannen understrekar at dei ikkje har vurdert tilhøva kring sjølve ulukka, men helsehjelpa pasienten fekk fram til ulukka skjedde.